Tirsdag 24. mai 2016 Innenriks

• Ny måling viser aukande støtte til å halde på eigen kommune • Men Sanner meiner reforma går bra:

Fleire seier nei til samanslåing

TVANGO FOR TO: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner meiner kommunereforma går bra, sjølv om stadig fleire er motstandarar av å slå saman kommunen sin med ein eller fleire naboar.

MOTSTAND: Fleirtalet seier nei til å slå saman kommunen sin. – Det er lettare å mobilisere mot enn for noko, meiner Jan Tore Sanner.

SAMANSLÅING

Ei ny, nasjonal «innbyggjarundersøking» syner at 53,5 prosent vil at heimkommunen skal halde fram som han er. Det er litt fleire enn i desember, sist Klassekampen stilte spørsmålet. Samstundes går talet på samanslåingstilhengarar ned, ifølgje målinga.

Dermed får regjeringas prestisjereform nok ei dårleg melding midt i ein avgjerande periode.

Jan Tore Sanner, kommunalminister for Høgre, meiner likevel at reforma «går bra».

– Men får vi ein meir robust kommunestruktur i Noreg, slik det ser ut no?

– Vi får sterkare velferdskommunar. Det meiner eg er heilt naudsynt for å sikre gode velferdstilbod til innbyggjarane i åra som kjem. Så gjev røystingane litt ulike råd: Nokon stader ja, andre stader nei. Nokon stader høg oppslutning, andre stader låg. Dette understrekar berre lokalpolitikaranes ansvar for å gjere si vurdering basert på råd frå innbyggjarane. Dei har òg eit sjølvstendig ansvar for å vurdere om dei står sterkare saman enn kvar for seg, seier Sanner til Klassekampen.

Kommunemålinga:

• Sentio har utført målinga for Klassekampen.

• Målinga blei gjort i mai og har 1000 respondentar.

• Spørsmålet som blei stilt, var: «Hvordan mener du den fremtidige kommunestrukturen for din kommune bør være. Bør kommunen slås sammen med én eller flere av nabo­kommunene, eller bør din kommune være en egen kommune som idag?»

• 53,5 prosent seier nei til samanslåing, medan 40,7 prosent seier ja.

• Då vi stilte same spørsmål i august 2015, var 55,9 prosent motstandarar av samanslåing av eigen kommune, medan 35,5 var tilhengarar. I desember var 50,6 prosent mot og for 44,8 prosent for.

Mest nei i røystingane

Søndag sa seks av sju kommunar i Oppland nei. Fram til no har majoriteten av folke­røystingane gått mot samanslåing, sjølv om det finst ei rekkje unntak.

– Du kallar det «varierande råd», men det klare fleirtalet av folkerøystingar har jo gjeve eit nei?

– Fleirtalet har gjort det. Det er ikkje særleg overraskande. Vi veit at det er lettare å mobilisere mot enn for noko. Lågt frammøte kan òg seie at mange meiner det er greitt at politikarane avgjer.

– Og då meiner du det er greitt at politikarane ser til folkerøystinga og fattar eit anna vedtak.

– Dei skal lytte til innbyggjarane. Men lokalpolitikarane har eit sjølvstendig ansvar for å sikre dei gode tenestene til innbyggjarane. Det er ei vurdering dei må ta. Så blir det i neste omgang fylkesmann, regjering og storting som skal gjere ei vurdering, seier kommunalministeren.

Meiner reforma går bra

– Det eg eigentleg lurer på, er: Synst du at det går bra?

– Status for dette skal vi gjere opp neste vår, når vi skal gje vår tilråding til Stortinget. Når eg seier at det går bra, er det fordi over 200 norske kommunar har laga intensjonsavtalar. Det meiner eg er eit kraftfullt prov på at ordførarane og lokalpolitikarane frå alle parti ser at dette er naudsynt. Så er det krevjande med folkerøystingar og lokal handtering. Men her meiner eg ein må ha is i magen. Eg trur at ein vil sjå gode resultat.

– Men når vi kjem til 1. juli: La oss seie at det finst vedtak lokalt om vi går frå 428 til 390 kommunar. Er det ein meir robust kommunestruktur?

– Ja, no bruker du igjen det ordet «robust».

– Ja, det er jo det uttrykket de nyttar i regjeringsplattforma.

– Eg har vore tydeleg på at eg ikkje vil gje noko tal på kor vi skal. Samstundes har eg heile tida sagt at dei utfordringane kommunesektoren har, dei går ikkje over.

– Men du hadde vel håpa på fleire ja?

– Når ein vel folkerøystingar, veit vi at det er lettare å mobilisere mot, så eg er ikkje særleg overraska over dei resultata ein har sett. Eg er kanskje litt overraska over at det er såpass låg oppslutning. Det er noko lokalpolitikarane må vurdere. Dei har valt folkerøysting, og så må ein vurdere om korleis ein skal tolke resultatet.

Opnar for utvida frist

Sanner peikar òg på at fleire kommunar no ser eg om etter nye løysingar etter å ha fått nei til sitt fyrste alternativ.

– Og då får dei utvida frist?

– Vårt klare mål er at dei skal bli samde før 1. juli. Vi ser at Midsund og Molde har forhandla fram ein avtale. Vi ser at det er dialog rundt Ålesund med Skodje og Ørskog. Men som eg har sagt heile vegen: Kommunane må ha tett dialog med fylkesmennene om kva som må vedtakast når. Det vil ikkje seie at hovudfristen endrast.

politikk@­klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 24. mai 2016 kl. 08.22