Mandag 13. juni 2016 Innenriks

Bjørnar Moxnes er klar for forpliktande samarbeid om han får plass på Stortinget:

Kan styre med KrF

NED MED TRONEN, ALTERET OG PENGEVELDET: Bjørnar Moxnes er fullt villig til å forhandle med SV, Ap, Sp, MDG – og KrF – dersom han kjem på Stor­tinget neste haust. Foto: Christopher Olssøn

MAKT: Bjørnar Moxnes meiner Raudt har modna. I Tromsø tilrår Jens Ingvald Olsen andre Raudt-lag å gå inn i forpliktande samarbeid.

RAUDT

Partiet Raudt er klare for å gje Jonas Gahr Støre statsministerposten om dei kjem på Stortinget neste haust. Bjørnar Moxnes trur det skal gå greitt å bli einige om ein avtale.

– Det får vi til. Det er eg heilt sikker på. Folk flest ønskjer seg eit Noreg med mindre forskjellar. Vårt hovudkrav er å kjempe mot forskjellane. Der må ei regjering levere – det er vårt krav, seier Moxnes til Klassekampen.

Dette er nye takter:

– Dette er nytt, heilt openbart. Dette har blitt aktualisert fordi vi har blitt sterkare. Plutseleg har vi blitt så sterke at Ap treng våre røyster for å sikre fleirtal. Det er ein ny situasjon som gjer at vi må gripe sjansane som kjem, forklarer Moxnes.

Han ser på SV, Ap, MDG og Senterpartiet som dei mest aktuelle samarbeidspartia. Men også andre kan vere aktuelle:

– Kan de samarbeide med KrF?

– Det spørst heilt kva innhaldet i ein avtale er. Men nei, eg har ikkje sagt at KrF er vanhellige. Det kjem jo an på innhaldet i ein avtale, og kor stor avstanden er.

Venstre er derimot lengre unna:

– Venstre veit vi jo kva står for arbeidslivspolitisk og i økonomisk politikk. Dei vil auke forskjellane i turbotempo, så eg trur ikkje vi har så mykje å snakke om.

Raudt:

• Ved lokalvalet i haust gjekk Raudt frå 67 til 101 folkevalde.

• Raudt sit no som ein del av fleirtalsposisjonen i desse kommunane, bydelane og fylka: Tromsø, Skånland, Bodø, Fauske, Rana, Sortland, Narvik, Røst, Vågsøy, Askøy, Telemark, Notodden, Kragerø, Horten, Hof, Gjøvik, Vestre Toten, Ås, Ullensaker, Oslo, Grünerløkka, Sagene, Gamle Oslo, Bjerke og Grorud.

• I tillegg har partiet inngått valtekniske samarbeid her: Vefsn, Alstadhaug, Hadsel, Kristiansund, Hordaland, Voss, Stav­anger, Bamble, Ski og Bærum.

Har modna

Moxnes er open om at dette er ei kursendring for partiet:

– Ja, forpliktande samarbeid med Arbeidarpartiet – det er ei kursendring. Det er noko som har modna litt, og det skuldast at vi har fått styrke til å få faktisk gjennomslag, seier Moxnes.

– Men kan ein då miste rolla som protestparti?

– Det er klart: Om Raudt i byråd opptrer som alle andre i byråd, blir vi sånn. Det har vi sett med andre parti. Dei blir fort ein del av den lukka styringskulturen. Men det må jo ikkje vere sånn.

Tromsø-modellen

I Tromsø sit Raudt i byråd, og Jens Ingvald Olsen er ishavsbyens finansbyråd. No tilrår han Raudt over resten av landet å gå inn i forpliktande samarbeid for å sikre seg makt, dersom styrkeforholda tilseier det:

– Ja, det vil eg jo, seier Olsen

Han minner om fallgruva:

– Ein må vere medviten om kva ein gjer. Ein må vere klar over at når ein går i forhandlingar, må ein ha nokre grunnleggjande prinsipp om kven ein vil forhandle med.

Olsen er likevel tydeleg på at Raudt må tole å røyste for politikk dei ikkje sjølve er for.

– Som i dei fleste av livets situasjonar må ein inngå kompromiss, seier Olsen.

Med 14,4 prosent i sist val kunne han leggje makt bak krava i forhandlingane med SV og Ap, og partiet fekk fleirtal for fleire viktige kampsaker, som rekommunalisering av velferdsoppgåver og nedlegging av byrådsmodellen.

Partileiar Moxnes er samd i at Raudt no kan søkje makt – både lokalt og nasjonalt.

– Det er spanande å sjå at Jens Ingvald i Tromsø gjev ei så tydeleg tilråding. Det er inspirerande å sjå kva dei har fått til. Målet vårt er å byggje ei rørsle for å kjempe mot Forskjells-Noreg. I Tromsø ligg dei langt framfor.

Kan få stortingsplass

På Klassekampens partibarometer laurdag gjekk Raudt tilbake frå 2,5 til 1,0 prosent og ramla dermed ut av Stortinget. Men snittet av målingane denne våren viser eit anna bilete: Raudt har ifølgje nettstaden Poll of polls hatt eitt mandat inne i alle dei ti siste månadene.

– Det viktigaste er å vite kor ein set ned foten. Det er det viktigaste for å byggje styrkje over tid. Når vi får innfridd våre hovudkrav, er vi villige til å strekkje oss langt på mange punkt. Men ein må vite kor grensa går.

politikk@klassekampen.no

JUBEL: Raudts fyrstekandidat Jens Ingvald Olsen kunne notere seg 14,4 prosent i lokalvalet i Tromsø sist haust. Då var til og med NRK interessert. 8Foto: Jan-Morten Bjørnbakk, NTB Scanpix