Onsdag 29. juni 2016 Utenriks

Venstreprofilen Tariq Ali tek eit oppgjer med Labour-mytteriet mot partileiar Corbyn:

– Kupp mot medlemmane

APPELL: Den pressa Labour-leiaren Jeremy Corbyn talar til tilhengjarane sine utanfor parlamentet i Westminster måndag, då tusenvis møtte opp for å vise si støtte til Corbyn.Foto: Toby Melville, REUTERS/Scanpix

SPLID: Høgresida i Labour burde oppretta sitt eige parti og la Labour vere i fred, fastslår den britiske venstreveteranen Tariq Ali.

Storbritannia

– Jeremy Corbyn valte å støtta bli-kampanjen, trass i at han er veldig fiendtleg til måten EU driver politikk. Han støtta bli-kampanjen uavhengig og var ikkje ein del av den konservative kampanjen. Det var bra. No prøver mange i partiet å bli kvitt han. Desse er Blair-tilhengjarar som har jobba hardt for å bli verande i EU, seier forfattar og aktivist Tariq Ali til Klassekampen på telefon frå London.

Ali har lang fartstid på britisk venstreside og kom i fjor med boka «The Extreme Center: A Warning», som blant anna handlar om den politiske eliten i Westminster og Brussel.

I går ettermiddag stemte Labour-politikarane over eit mistillitsforslag som vart fremja etter at Corbyn laurdag sparka skuggeminister Hilary Benn.

Den Labour-venlege avisa The Daily Mirror oppfordra Corbyn sterkt til å gå av i ein leiar som var slått opp på framsida i går. Avisa skriv vidare at Storbritannia er i krise etter brexiten og at Labour treng eit sterkt og samla parti. Dei konservative kjem mest truleg til å framskunda eit nasjonalval, og Labour treng ein sterk front for å vinne valet.

Mistillitsforslag:

• Labour sine representantar i parlamentet heldt i går ei avstemming om mistillit mot leiar Jeremy Corbyn.

• Dei siste dagane har minst 48 Labour-toppar slutta i protest mot Corbyn, som har nekta å gå av som partileiar.

• Om det blir fleirtal for mistillit, kan han stille til attval dersom han ønskjer det.

• Einkvar utfordrar må ha støtte frå minst 20 prosent av Labours parlamentsmedlemmar for å kunne stille til val.

• Tidlegare skuggeminister Angela Eagle vert trekt fram som mogleg ny partileiar.

Splittar Labour-partiet i to

Fagforeiningsleiaren Len McCluskey skreiv måndag i The Guardian at mytteristane i Labour sviktar britane sine nasjonale interesser. «Jeremy Corbyn er ein modig og prinsippfast mann. Han er betre til å handtere krisa i Labour enn nokon av motstandarane sine», skriv McClusky.

Han skriv vidare at dette ikkje er tida for å la toryane sleppe unna. Likevel har Hilary Benn og fleire frå høgresida i Labour valt å forsøke å felle Corbyn, som for ti månadar sidan vann leiarposisjonen med eit overveldande mandat.

McCluskey meiner det viktigaste for Labour er å sikre at brexit-forhandlingane ikkje går ut over arbeidarane i landet og å kjempa mot toryane.

– Om skuggeministrane får Corbyn til å trekkje seg som partileiar, vil han stille opp i eit nytt leiarval og vinne igjen. På den måten vil me verkeleg forandra partiet ein gong for alle og bli kvitt høgresida i partiet. Storbritannia er inne i ei fullstendig oppblåst, politisk krise. Tilhengjarane hans har alt å vinne på at Corbyn sitt prosjekt kan halde fram, seier Tariq Ali.

– Det hadde vore logisk om dei som lener seg mot høgresida i partiet, noko eg sjølv kallar eit ekstremt sentrum, oppretta sitt eige parti. Her kan ein ha tilhengjarane til David Cameron og Tony Blair, dei liberale og alle andre som ønskjer å delta. Desse støttar etablissementet i Europa. La dei forme eit eige parti slik at venstretilhengjarane kan få behalde Labour i fred, forklarar Ali.

Tory vil ha raskt nyval

Samstundes er det kaos i den konservative leiren om kven som er best egna til å ta over rolla som landets statsminister etter David Cameron.

– No når det er kaos i tory-leiren, burde Labour halde seg samla og akseptere Corbyn sitt leiarskap. Dei burde brukt kreftene sine på ein stor kampanje der dei trekk fram kva dei vil ha ut av brexit-forhandlingane. Dette kuppet er ikkje populært blant medlemskapen. Labour må leggje ein slagplan framfor eit nytt nasjonalt val. I staden knivar dei om kven som skal leie partiet. Om eg hadde vore ein del av Det konservative partiet, ville eg ha utnytta moglegheita til å gå for eit raskt nyval, seier Ali.

Må betale prisen

Venstreveteranen er tilhengjar av såkalla Lexit (left exit) – ei kampanje på venstresida for britisk utmelding av EU. Ali vart positivt overraska over korleis folkerøystinga gjekk.

– Etter avstemminga har me prov på at dei fleste som stemte «ut» gjorde det på grunnlag av suverenitet – dei ville at deira eige parlament skal bestemme kva regjeringa kan gjere, ikkje Brussel. Folk som stemte «ut» for å stoppe immigrasjon utgjorde berre 33 prosent. Det resultatet er veldig interessant, seier han.

Majoriteten av venstresida ønskja likevel å bli verande i EU. Argumentet deira var at dei ville forandre EU frå innsida. I tillegg påsto mange at EU ga dei sterkare sosiale rettar enn dei ville fått på utsida.

– Det stemmer ikkje. Eg trur det var meir kjenslemessig og psykologisk, eg trur få har ei klar forståing av kva EU er for noko og kva det gjer med resten av Europa, spesielt land som Hellas og Portugal. Måten ein kjempar fram sosiale rettar på er å velja fram si eiga regjering i Storbritannia. Det EU gjer er i hovudsak å opptre som ei maskin for ukontrollert nyliberal kapitalisme. Alt anna dei gjer er ubetydelege, seier Ali.

– Venstresida må betale prisen for at dei var for svake og ikkje deltok nok i brexit-kampanjen.

camillab@klassekampen.no

Venstre tapar i EU

Håpet om at venstresida kan forandre EU frå innsida er ein tapt sak, ifølgje den erfarne venstreaktivisten Tariq Ali.

Det spanske valet på søndag og fiaskoen til greske Syriza støttar opp under påstanden, meiner forfattaren.

– Syriza er ikkje lenger sett på som eit venstreparti. Dei har kapitulert og med det mista heile medlemskapen sin. Det er eit parti som vil bli slått ut i det neste greske valet. Her er det ikkje lenger noko å jobbe med. Det er gode og flinke politikarar som har meldt seg ut av Syriza som me framleis jobbar saman med, seier Ali.

Venstresida jubla då grekarane i fjor stemte mot kuttforslaga til EU. Likevel signerte Syriza-leiar Alexis Tsipras EU sine kuttkrav ei veke etter avstemminga.

– Det kan aldri bli eit demokratisk val mot dei europeiske traktatane, sa Jean-Claude Juncker, president i EU-kommisjonen i kjølevatnet av folkerøystinga.

I Spania kom venstrepartiet Podemos på tredjeplass bak Partido Popular og sosialdemokratiske PSOE.

– Folk er redde for at ting kan bli verre. Podemos stola for mykje på valpolitikk og valopportunisme. No må Spania tole fire-fem år til med innstrammingspolitikk, avsluttar Ali.