Lørdag 3. september 2016 Debatt

Avsetjinga bør fordømmast

Kniv i ryggen: Brasils nå avsette president Dilma Rousseff med «kuppmakaren» Michel Temer i bakgrunnen. Foto: Ueslei Marcelino, REUTERS/NTB SCANPIX

Brasil

Onsdag 31. august vart tidlegare president Dilma Rousseff frå det brasilianske arbeidarpartiet (Partido dos Trabalhadores, PT) endeleg avsett i riksrettssaka mot henne. Ho har ikkje fungert som president i landet sidan mai, då ho blei suspendert av Nasjonalkongressen.

Norske politikarar har så langt ikkje ytra seg, og norske medium har briljert med sitt fråvær av kritiske analysar av regimeskiftet hjå vår viktigaste handelspartnar i Sør-Amerika og eit av verdas mest folkerike demokrati. Dagen Rousseff vart avsett, publiserte NRK ein kort artikkel som kjapt hamna langt nede på heimesida deira. Der skriv dei at årsaka til at Rousseff vart avsett, «var anklager om at hun hadde trikset med nasjonalregnskapet i 2014 og brukt penger uten nasjonalforsamlingens godkjennelse.»

Vel NRK, årsaka var neppe at Rousseff hadde triksa med rekneskapen, ettersom ho følgde nøyaktig same praksis som alle sine forgjengarar – som ikkje vart stilte for riksrett! Det vart heller ikkje lagt fram bevis for skuldingane, og den nye presidenten i landet, Michel Temer, vart ikkje stilt for riksrett sjølv om han som visepresident under Rousseff var medansvarleg for budsjettfiksinga.

NRK burde kanskje også ha nemnd at Temer er frå det konservative høgrepartiet Partido do Movimento Democratico Brasileiro (PMDB), erkerivalen til arbeidarpartiet, og kjend for å representere interessene den økonomiske og politiske eliten i landet.

NRK melder at den folkelege misnøya med Rousseff og arbeidarpartiet skuldast «håndteringen av den økonomiske situasjonen og forbindelser til en korrupsjonsskandale der det statlige oljeselskapet Petrobras er innblandet». Dei underslår at fleire politikarar frå PMDB også er involverte i Petrobras-skandalen – inkludert nyinnsette president Temer, og at misnøya med PMDB er like stor som misnøya med arbeidarpartiet. Det har så langt ikkje dukka opp eitt einaste bevis som impliserer Rousseff i korrupsjonssaka.

Vidare underslår NRK at grunna valalliansen mellom Rousseff frå arbeidarpartiet og Temer frå PMDB førte riksrettssaka til at heile den PT-leidde regjeringa gjekk av og vart erstatta av politikarar frå PMDB. Dei har nytta månadene sidan mai flittig til å iverksetje eit klassisk nyliberalistisk innstrammingsprogram – nett den politikken som brasilianske veljarar har stemt imot ved dei siste fire presidentvala.

Men det stopper ikkje der. Like etter at Temer kom til makta, publiserte eit av dei største mediehusa i landet eit opptak av ein samtale mellom to medlem av den nye PMDB-regjeringa. Av opptaket kjem det fram at grunnen til at Rousseff vart avsett, var at ho ikkje emna å «stoppe blødinga» i kongressen – rettare sagt: etterforskinga av dei politikarane som var innblanda i Petrobras-skandalen.

Det er altså god grunn til å akseptere PT og Rousseff sine erklæringar om at det me er vitne til i Brasil, må forståast som eit blodlaust statskupp. Kuppet er gjennomført av eldre, kvite, dresskledde menn – trøytte av eit tiår med sosial inkludering og malt opp i eit hjørne av den pågåande etterfors­kinga i Petrobras-skandalen.

Ein gjennomkorrupt kongress der seksti prosent av representantane er dømde eller under etterforsking, og eit like korrupt senat, har dei siste månadene sett dødsstøyten for det brasilianske demokratiet, utan at verdssamfunnet bryr seg.

Men – statskuppet i Brasil hadde aldri vore mogeleg utan støtta frå konservative mediehus i inn- og utland, og her må norske medium og politikarar passe seg for kvar dei hentar informasjonen ifrå.

Eit av dei første tiltaka til den illegitime regjeringa til Michel Temer har vore ei marknadsliberalisering som mellom anna involverer sal av landet sine oljeressursar til internasjonale oljeselskap. Og gjett kven første kjøpar var? Statoil!

På heimesidene deira skriv dei at «kjøpet omfatter en betydelig del av oljefunnet Caracará, et av de største funnene i verden de siste ti­årene». Medan det delvis statseigde oljeselskapet driv business as usual med kjeltringane som konspirerte mot det brasilianske demokratiet, er norske medium farleg ved å usynleggjere statskuppet, og norske politikarar er stillteiande.

Fleire søramerikanske land har allereie kalla attende sine ambassadørar i Brasil, og den norske regjeringa bør no klart og tydeleg fordømme avsetjinga av Rousseff.

Statoil bør samstundes trekke seg frå avtaler med ei regjering som bryt med alle demokratiske prinsipp.

tomassalem@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 16. september 2016 kl. 12.11