Onsdag 7. september 2016 Innenriks

Høgres programkomité ønskjer ny næringslivsavgift:

Vil ha elevfond

DRILL, BABY, DRILL: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen er leiar av programnemnda i Høgre. Her er han saman med lærling Aleksander Østhagen ved eit tidlegare høve. Foto: Margit B. Selsjord

FRYD OG FARE: Programkomiteen i Høgre går inn for auka lærlingtilskot og eit nytt lærlingfond. LO jublar, medan NHO er meir avmålte.

LÆRLINGAR

Kvart år står mange tusen yrkesfagselevar utan lærlingplass. I dag legg Torbjørn Røe Isaksen fram utkast til nytt stortingsprogram for Høgre. Der vil han innføre eit nytt grep i håp om å bøte på stoda:

– I det nye programmet har vi to viktige formuleringar. Vi vil ha eit forsøk med lærlingfond, i tillegg til at vi vil auke lærlingtilskotet, seier Isaksen til Klassekampen.

– I eit program prega av eit forsiktig forhold til utgifter er dette ei av dei prioriteringane vi vil gjere.

Lærlingfondet fungerer slik at alle verksemdene i ein bransje er med på å betale for lærlingane innanfor faget, i tillegg til at det offentlege går inn med sin del. Dei verksemdene som tek imot lærlingar får dekt utgiftene frå fondet. Høgre ser for seg å teste ut ideen i nokre bransjar for å hauste erfaringar.

– Dette er ikkje noko vi gjer for å spare pengar. Vi skal også leggje det offentlege lærlingtilskotet inn i fondet, understrekar Isaksen.

Partiet hans er ikkje fyrst og fremst kjende for å innføre nye utgifter for næringslivet, men i lærlingsaka gjer dei eit unntak.

– Så no vil altså Høgre presse ei ny avgift på eit hardt prøvd næringsliv?

– Altså, det tilskotet som skal inn til lærlingfondet vil neppe bli så stort at det veltar bedrifter. Men den vil jo ikkje bli berre symbolsk: Skal du ha tilbake det du har betalt inn, må du ta inn ein lærling, svarer Isaksen.

Lærlingfond:

• I dag legg Høgre fram sitt programutkast. Eit av punkta er nytt lærlingfond.

• Høgre ønskjer å «starte forsøk i utvalgte bransjer med et lærlingefond etter modell fra Danmark, for å få flere lærlingeplasser».

• I tillegg vil partiet auke det offentlege lærlingtilskotet.

• Det er kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen som har leidd programnemnda i Høgre.

Han meiner rett og slett at alle burde vere for denne ideen:

– Lærlingar er eit kollektivt gode. Sjølv dei mest hardbarka marknadsøkonomar burde setje pris på det, men i dag har vi denne gratispassasjerproblematikken.

Jubel frå LO …

Frå Youngstorget er det berre godord om det nye programframlegget til Høgre. Trude Tinnlund, som har ansvar for utdanningspolitikken i LO-leiinga, er glad for handslaget frå Høgre.

– Vi er veldig positive. Dette er vårt gamle framlegg som vi tidlegare har presentert for kunnskapsministeren, seier Tinnlund.

Ho meiner lærlingfondet har fleire gode sider:

– Dei verksemdene som tek samfunnsansvar får utbetalt tilskot. Det ansvarleggjer heile bransjen, seier Tinnlund, som også er glad for at det ordinære lærlingtilskotet skal auke.

– Ja, eg er veldig nøgd.

Tinnlund peikar på at det trengst tiltak for å skaffe fleire læreplassar:

– I 2030 vil vi mangle 90.000 fagarbeidarar i Noreg, viser framskrivingar.

… og litt tvil i NHO

I arbeidsgjevarorganisasjonen NHO, som Høgre tradisjonelt har hatt tette band til, er det derimot meir uvisse om kor vidt dette er vegen å gå.

Are Turmo, kompetanse­direktør i NHO, melder at organisasjonen skal bruke ein månads tid på å finne ut kva dei skal meine om det nye framlegget.

– Vi har ikkje konkludert og vil diskutere det internt, seier Turmo.

Han er oppteken av at lærlingtilskotet må følgje med.

– Lærlingtilskotet må opp til nivået for kva ein skuleplass kostar, seier Turmo, og understrekar at det er positivt at gapet har blitt mindre dei seinare åra.

– Men kva tenkjer du om det spleiselaget mellom det offentlege og det private som eit lærlingfond vil vere?

– Dette er ingen ny idé, og det er argument både for og imot.

– Tenkjer du då på utgiftene for næringslivet?

– Det har tradisjonelt vore eit tungt argument mot, ja.

Turmo er likevel positiv til å sjå på framlegget:

– Vi er opptekne av alle tiltak som styrkjer attraktiviteten for yrkesfaga, slik som lærlingklausulane i kontraktar ved offentlege innkjøp.

jensk@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 12. september 2016 kl. 12.14
Trude Tinnlund