Mandag 12. september 2016 Kultur og medier

• Asli Erdogan risikerer minst ti års fengsel for avisspalter • «PKK finst ikkje i tekstane mine», seier forfattaren

Fengsla for fredstekst

Intervjua i fengsel: – Eg er militærnektar og fredsaktivist. Menneskerettsbrot er mitt felt, seier forfattar Asli Erdogan. Her fotografert under Litteraturfestivalen på Lillehammer. Foto: Emma Larsson, Sydsvenskan/NTB SCANPIX

Den fengsla forfattaren Asli Erdogan er eit symbol på rettssituasjonen i Tyrkia. Fredsaktivistar er utsette, hevdar ytringsfridomsekspert.

Tyrkia

Den tyrkiske forfattaren Asli Erdogan sit fengsla for skuldingar om «medlemskap i terrororganisasjon». Fengslinga er grunngjeven i fire avistekstar, to av dei trykte i Klassekampen. Skuldingane er overraskande, både for forfattaren sjølv – som har lang røynsle som menneskerettsaktivist i Tyrkia – og for ytringsfridomsorganisasjonen Pen:

– Under den rådande unntakstilstanden blir folk arresterte for ting dei ikkje har vorte arresterte for før, fortel visepresident i Pen International, Eugene Schoulgin på telefon frå Istanbul.

Avisa som Erdogan er spaltist for, Özgür Gündem, er den største avisa for kurdarar i Tyrkia og har i lange periodar vore forbode, men ikkje sidan 1990-talet har bidragsytarar vorte forfølgde for det dei har skrive.

– Det blir dei no. Det er nok om påtalemakta hevdar at folk har «band til» eller «sympati» med terrorgrupper, jamvel om det er uklårt kva som ligg i omgrepa, seier Scholugin.

Özgür Gündem vart sist stengt etter at politiet raida redaksjonslokala den 16. august og arresterte over 20 journalistar, inkludert redaktørar, redaksjonsrådsmedlemmer og Asli Erdogan.

Fengslinga av Erdogan er anka til grunnlovsdomstolen og Den europeiske menneskerettsdomstolen.

Asli Erdogan:

• Tyrkisk forfattar, menneskerettsaktivist og spaltist i den kurdiske avisa Özgür Gündem.

• Avisa vart stengd 16. august, og Asli Erdogan vart fengsla og skulda for «band til terrororganisasjon». I klårtekst betyr det band til PKK.

• Asli Erdogan (f. 1967) er rekna blant dei fremste i tyrkisk samtidslitteratur. Ho er tidlegare fribyforfattar i Krakow og fekk i 2013 den norske Ord i Grenseland-prisen.

Høge strafferammer

Det er alt tatt ut tiltale mot avisa og tidlegare redaktørar for «oppfordring til opprør mot staten», «propaganda på vegner av terrororganisasjon» og «medlemskap i terrororganisasjon» (underforstått Det kurdiske arbeidarpartiet, PKK). Tiltalen er identisk med skuldingane mot Asli Erdogan. Det sannsynleggjer at ho vil få ein formell tiltale. Den vil avgjera kva straff ho risikerer, forklarar Tyrkia-ekspert Joakim Parslow ved Institutt for Midtøsten-studier ved Universitetet i Oslo.

– Om du blir tiltala for medlemskap i ein organisasjon som «undergrev den konstitusjonelle orden» eller «Tyrkias einskap», ligg strafferamma på 10 til 15 år. Det er vanleg for skuldingar om PKK-tilknyting, seier Parslow.

Dette blir komplisert av at påtalemakta har rom til visa stort skjønn når det gjeld å kopla andre paragrafar i straffelova til tiltalen.

– Det er vanleg å gjera tiltalen så omfattande som råd. Då kan påstanden koma opp i fleire livstidsstraffer, men sjølve dommen blir ofte på tre–fire år.

Regjeringa fremjar også gjerne amnestilover to–tre år etter slike arrestasjonsbølgjer som vi har no.

– Unntakstilstanden endrar ikkje straffelova, men politi og påtalemakt har større handlingsrom til å arrestera fleire og halda dei lenger i varetekt før dei får møta advokat og før fengslingsmøte.

Kva står i tekstane?

Asli Erdogan og Özgür Gündem er ikkje mistenkte for å vera knytte til Gülen-nettverket eller det mislukka militærkuppet i juli. Dei har dekt den politiske og militære konflikten mellom den tyrkiske regjeringa og den kurdiske minoriteten i landet. «Terrororganisasjon» tyder altså i desse sakene PKK, som òg er rekna som terrororganisasjon av EU og Nato.

Den rettslege situasjonen i Tyrkia og stenginga av kurdiske aviser må også sjåast i samanheng med krigen i Syria, der Tyrkia no er aktiv part, med åtak på kurdiske hærstyrkar og sivile.

Kva står det så i tekstane til Erdogan, som legitimerer skuldingane? Dei inneheld sitat frå avisnotisar og liknande, til dømes frå dei kurdisk-dominerte områda som i over eit halvår har vore underlagt hærens kontroll. Mange av sitata refererer til rapportar om at hæren har late 150 kurdarar brenna inne i ein kjellar i Cizre.

I andre tekstar set Erdogan eigne ord på å leve i ein tilstand med massemord, utan å nemne Tyrkia.

Klassekampen kan no publisera hennar eigne kommentarar til tekstane (sjå sidesak).

Granskingskommisjon

Sist fredag vart Asli Erdogan intervjua saman med to andre fengsla, lingvisten Necmiye Alpay og songaren Deniz Seki, av ein granskingskommisjon for Det republikanske folkepartiet, CHP (landsfaren Atatürks parti), som sit i opposisjon i parlamentet. Granskingskommisjonens intervju vart publiserte i Agos (6. september), avisa til den myrda redaktøren Hrant Dink. Her seier Erdogan blant anna: «PKK finst ikkje i nokon av tekstane mine … Eg er militærnektar og fredsaktivist. Menneskerettsbrot er mitt felt. I Tyrkia finst det diskriminering av fattige, kurdarar og kvinner.»

Sitatet peikar mot noko symptomatisk med rettssituasjonen no, hevdar Eugene Schoulgin.

– Dei som vart arresterte først, var kjende pasifistar og fredsaktivistar som ope har argumentert for at det må bli slutt på krigføringa søraust i landet. Dei militante slepp fri frå tiltale. Regjeringa vil med dette visa den vanlege tyrkaren at alle er i faresona. Dei vil skapa frykt, og stemninga i landet er nervøs.

Schoulgin er redd Erdogan – og dei andre arresterte – vil bli sitjande lenge i fengsel, fordi det har gått prestisje i sakene for styresmaktene. Erdogan sit i kvinnefengselet Bakirköy, der ho no deler celle med Necmiye Alpay, som vart fengsla i førre veke. Den 70-årige Alpay er ein kjend rettskrivingsekspert i Tyrkia, men ho er også aktivist, som har arbeidd for «å endra Tyrkia til ein rettsstat med uavhengige domstolar», slik Schoulgin formulerer det. Til liks med Erdogan sit Alpay i redaksjonsrådet for Özgür Gündem, og ho vil få slutt på krigen i Søraust-Tyrkia.

Får medisinsk hjelp

– Ingen av dei burde vore innesperra, men det er godt nytt at dei to kvinnene sit saman. Ifølgje advokatane til Erdogan er cella akseptabel og forfattaren, som har skral helse, får den medisinske oppfølginga ho treng.

Asli Edogans norske omsetjar, Gunvald Axner Ims, har funne fram og omsett avgjerande tyrkiske kjelder til denne saka.

guri.kulaas@klassekampen.no

Kva står i tekstane?

Skuldingane mot Asli Erdogan er baserte på fire tekstar:

• «Protokoll: Dette er faren din». (Klasse­kampen 23. april)

• «Fascismedagbok: I dag».

• «April, den grusomste måneden».

• «Slik en gærning leser historien». (Klasse­kampen 23. juli)

Forfattaren kommenterer tekstane i etterforskingsmappa slik: «Det er fire tekstar i mappa mi. Den eine, ‘Dette er faren din’ er ein tekst eg skreiv i den norske avisa Klassekampen. Omsetjaren min i Noreg har sendt tekstane mine til avisa. Den teksten kallar dei propaganda for terroristorganisasjon. Dei skuldar den norske avisa og teksten min for å hylle PKK. PKK finst ikkje i nokon av tekstane mine. Eg skriv mot vald i den avisa. Teksten består elles av nyheiter frå avisnotisar. Dei tiltaler meg for lovlege nyheiter. Grunnen til at dei er urolege, er at eg skreiv at det gjekk føre seg massedrap av sivile i Cizre. Men denne teksten er ikkje min, den består av sitat. Tittelen ‘Dette er faren din’ er også sitat frå ein avistekst.»

«Den andre teksten er den som heiter ‘April, den grusomste måneden’. Der har eg sitert ei nyheitssak som spør ‘Kor er Hursit Külter?’ Den tredje teksten, ‘Slik en gærning leser historien’, er ein ironisk tekst, publisert i tidsskriftet Kara Karga [Svart ramn]. Han blir vist fram, som prov for medlemskap i terroristorganisasjon. Det er umogleg at eg skal vera medlem av ein terroristorganisasjon. ‘Fascismedagbok: I dag’ er den fjerde teksten. Det er ein fullstendig litterær tekst. Det står: ‘å leve i dager da mennesker blir brent levende, noen av dem sivile, noen barn.’ Ingen namn, Tyrkia blir ikkje nemnd. Dette tolkar dei sikkert som Cizre.»

«Ingen har rett til å torturere nokon. I 18 år har eg forsvart menneskerettane. Ikkje berre for kurdarar, men for kvinner, afrikanske flyktningar, kvinner med skaut ... »

Omsett frå tyrkisk av Gunvald Axner Ims.