Tirsdag 20. september 2016 Innenriks

Ungdomsparti på Agenda-tur til Lockheed Martin: Betalt av Kongsberg Gruppen:

Sponsa flytur

HØGT TIL VÊRS: Noreg har planar om å kjøpe inntil 52 F-35-kampfly frå amerikanske Lockheed Martin. Norske Kongsberg Gruppen har teikna store kontraktar for leveransar til flya. Foto: Adrian Dennis, AFP/NTB Scanpix

GO WEST: Våpenprodusenten Kongsberg Gruppen betalte Agenda 100.000 kroner for å sende kampfly-kritiske ungdomsparti til USA.

No bryggjar det til ny kampflystrid på Stortinget: I både SV, Senterpartiet, KrF og Venstre blir det diskutert om ein skal redusere talet på F-35-fly frå amerikanske Lockheed Martin.

Sist veke reiste leiarane og nestleiarane i ungdomsorganisasjonane til dei fire partia – pluss AUF – på Agenda-tur til Washington og New York for å møte mellom andre Kongsberg Gruppen og Lockheed Martin.

Størsteparten av rekninga tok Kongsberg og den amerikanske ambassaden:

Kongsberg Gruppen: 100.000 kroner

Den amerikanske ambassaden: 40.000 kroner

Agenda: 80.000 kroner

Deltakarane frå ungdomspartia: 30.000 kroner

Ifølgje programmet har deltakarane hatt to middagar og eitt møte med representantane frå Kongsberg, i tillegg til turen til Lockheed Martin. Kongsberg leverer delar til F-35-flya for milliardar.

Store delar av turen handla om amerikansk politikk, og deltakarane fekk møte blant andre den norske ambassaden, ein av direktørane ved kontoret til Ted Cruz, LHBT-rådgjevaren i Det kvite hus, Clinton-kampanjen.

Desse deltok:

• Mani Hussaini og Emilie Bersaas, leiar og nestleiar i AUF.

• Tord Hustveit og Grunde Almeland, leiar og nestleiar i Unge Venstre.

• Erling Laugsand og Ada Arnstad, leiar og nestleiar i Senterungdomen.

• Ida Lindtveit og Martine Tønnesen, leiar og nestleiar i KrFU.

• Andrea Sjøvoll og Freddy André Øvstegård, leiar og nestleiar i Sosialistisk Ungdom.

• Even Aas, Executive Vice President Public Affairs og Johannes Dobson, Corporate Communication Manager i Kongsberg Gruppen.

• Marte Gerhardsen, Thor Steinhovden og Ola Magnussen Rydje, leiar og rådgjevarar i Agenda.

Kongsberg: Viktig for oss

Ronny Lie, kommunikasjonsdirektør i Kongsberg Gruppen, er glad for samarbeidet:

– Bakgrunnen er at Agenda spurde om vi ville bidra til deira opplæringsarbeid. Vi synst opplegget såg bra ut, og ville bidra til denne studieturen til USA, seier han.

Lie understrekar at det er Agenda som har hatt ansvar for regi og program.

– Men kvifor var dette interessant for dykk?

– Vi er tungt til stades i USA, og tretti prosent av vår omsetjing er der.

Lie meiner det var bra at ungdomspartia fekk møte Lockheed Martin.

– Det er Agenda som er ansvarlege for programmet, men det er klart at F-35 er eit viktig prosjekt for Kongsberg. Vi har store aktivitetar knytt til det. Generelt er det bra at dei er opptekne av norske selskap som satsar globalt.

– Kva tenkjer du om at deltakarane på denne turen kjem frå partia som har vore mest kritiske til talet på innkjøpte kampfly?

– Det har ikkje lege til grunn noka vurdering av det frå vår side. Vi er opptekne av alle parti og tankesmier.

Agenda: – Ukontroversielt

Agenda-leiar Marte Gerhardsen meiner turen var nyttig.

– Vårt mandat er å bidra til ein kunnskapsbasert debatt. Ei av målgruppene våre er ungdomspolitikarane. På denne turen hadde vi eit særleg fokus på amerikansk val og politikk, og vi prøver alltid å finne samarbeidspartnarar og støttespelarar, seier ho.

Agenda syntest, i ljos av Forsvarets store kampflyinvestering, det ville vere interessant å vitje Lockhead Martin. Turen dit blei organisert på initiativ fra Agenda, med bistand fra den norske ambassaden i USA. Kongsberg var ikkje involvert i dette.

– Har Agenda eit syn på norsk kampfly-kjøp?

– Det har vi ikkje. Deltakarane er ikkje folk som legg frå seg den kritiske sansen når dei reiser, og det var ulike syn på kampflykjøpet.

– Dette er jo ein kontroversiell debatt i Noreg om dagen?

– Kongsberg er ikkje eit kontroversielt selskap. Dei skaper mange arbeidsplassar og er leiande i det digitale skiftet, seier ho.

– Men dei har store økonomiske interesser i kampflykjøpet?

– Det er ikkje farleg at politikarar tileignar seg kunnskap.

politikk@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 21. september 2016 kl. 10.46

Skulle gjerne diskutert flya meir

Andrea Sjøvoll, leiar i Sosialistisk Ungdom, var godt nøgd med turen, men skulle gjerne hatt meir tid med Lockheed Martin.

– Denne turen var ein unik sjanse som vi ikkje ville fått om ikkje Agenda hadde bidrege. Det er ei spanande tid for å lære meir om amerikansk politikk, i tillegg til at det er nyttig å bli betre kjent med dei andre ungdomspartileiarane, seier Sjøvoll.

– Er det uproblematisk for SU å reise på ein tur der det meste er betalt av Kongsberg og den amerikanske ambassaden?

– Det ville vore problematisk om vi kom tilbake og hadde endra meining.

– Kva var Kongsberg opptekne av?

– Dei ville lære oss korleis det er å vere eit norsk selskap i USA. Dei var mellom anna opptekne av at det å vere eit statseigd selskap gjev truverd i utlandet.

– Kva med Lockheed Martin?

– Dei snakka om F-35-flya. Vi tøysa med at vi var der for å peike ut dei flya vi skulle kutte frå kampflykjøpet. I tillegg køyrde vi simulator. Men eg skulle gjerne ha diskutert meir politikk med dei.

Marte Gerhardsen