Onsdag 21. september 2016 Innenriks

Ap-leiaren erklærer den blåblå kommunereforma for daud om Ap vinn valet i 2017:

Støre stoppar Sanner

NOK ER NOK: Ap-leiar Jonas Gahr Støre talte på landsstyremøtet til Arbeidarpartiet i går. Til Klassekampen feide han all tvil til sides om partiets syn på kommunereforma.

IKKJE TVANGSGUT: Støre vil halde fram arbeide med å fornye kommunesektoren i neste periode – men seier nei til tvang.

– Sanner, di reform er over med dine dagar. Vi skal definere vår eigen.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre tek no bladet frå munnen og gjer det klart: Om Ap vinn valet, er kommunereforma over.

På Aps sommarpressekonferanse i juni sa Støre ifølgje Kommunal Rapport at «Arbeiderpartiet er for en kommunereform». Dette sitat har fått fleire til å spekulere i kor vidt Støre eigentleg meinte at dagens reform burde halde fram.

Men no feiar Ap-leiaren all tvil av banen.

– Vi legg i alle fall ikkje opp kommunereforma slik ho er streka opp av Sanner. Den er avslutta når denne perioden er slutt. Det vi legg i dét, er at endringa i struktur for å sikre betre tenester og godt demokrati, ho stoppar ikkje, ho går ikkje ut på datostempling, seier Støre til Klassekampen.

Han har alternativet klart:

– Det å ha ein løpande diskusjon med andre verkemiddel, med ei anna haldning og med eit anna samspel med kommunar og regionar i Noreg, det kjem Ap til å ta med seg inn i neste periode og perioden etter.

Kommunereforma:

• I partiprogrammet skriv Ap dette om kommunereform: «Arbeidarpartiet meiner det er behov for endringar i kommunestrukturen (…) Endringar i kommunestrukturen bør normalt byggje på lokale ynske. Arbeidarpartiet meiner at einskildkommunar ikkje må kunne stoppe endringar som er føremålstenlege ut frå regionale omsyn.»

• Ap-landsmøtet i 2015 vedtok i tillegg denne teksten: «Arbeiderpartiet mener det er fornuftig med endringer i kommunestrukturen. Derfor bør alle kommuner vurdere hvilke kommunegrenser som er best egnet for å løse oppgavene i framtida. Innbyggere, organisasjoner og ansatte må involveres i denne prosessen. Vi vil respektere svarene man finner lokalt. Sammenslåing av kommuner skal baseres på frivillighet.»

Meiner frivillig er klokt

– Ap vedtok på sist landsmøte ei presisert frivilligline. Er det den du ser for deg at vil liggje til grunn frå Ap i neste periode?

– Eg meiner ei frivilligline er ei klok line og ei riktig line. Men ei frivilligline kan òg vere støtta opp av insentiv og økonomiske oppmodingar til å finne gode løysingar. Det har aldri Ap vore imot, seier Støre, og legg til:

– Men eg smiler litt når eg ser at Sanner seier at sjølv Aps leiar har sagt at dette vil halde fram.

Nei til Sponheim

Før 1. oktober skal landets 17 fylkesmenn sende inn sine

framlegg til ny kommunestruktur for deira fylke. Dei fleste legg fram tilrådingane sine no i september. Fleire kart har allereie kome, og dei tek alle til ords for langt meir radikale endringar enn det kommunane sjølve har gått inn for.

Den som sist la fram si tilråding, var fylkesmannen i Hordaland, Lars Sponheim, som meinte rundt ti kommunar i Hordaland var nok. Han ville ikkje tilrå tvang no. Men ifølgje Bergens Tidende kom han med ei åtvaring til Hordalands-ordførarane:

«Jeg er helt sikker på at det blir en ny kommunereformperiode. Også lederen av Ap har varslet det. Men tvang vil gjøre jobben vanskeligere når vi møtes igjen i 2017. Jeg ønsker å bli tatt godt imot.»

Til det seier Støre no:

– Eg trur den gode Sponheim, som sjeldan lar seg forføre av andre politikarar, har lytta litt mykje på Sanner-øyret sitt. Mi utsegn er at Ap heile tida vil sjå etter og oppmode til forbetringar som gjer at vi kan få betre tenester til folk og at vi kan ta godt vare på demokratiet. Då trur eg vi vil bruke ei anna tilnærming og ei anna oppskrift enn den denne regjeringa har følgt, med stadige skiftande spelereglar, med høgt trykk overfor kommunepolitikarar som er ganske utslitne, folk som må røyste éin og to og tre gonger, og kanskje blir ikkje dét resultatet ein gong.

– Ingen tvangsnerve

– Så det er helt uaktuelt at Ap kan gå inn for meir tvang i neste periode?

– Eg har vanskeleg for å sjå det for meg. Som vanleg er det landsmøtet som avgjer, men eg sporar ikkje ein tvangsnerve i det landsmøtet.

I programutkastet sitt har Høgre gått inn for å skjerpe tvangsretorikken for neste periode. Men som Klassekampen har skrive tidlegare, ønskjer korkje KrF, Venstre eller Sp å bruke meir tvang overfor motstridige kommunar i neste periode.

Når Støre no gjer det klart at tvanglut er ut, tyder det meste på at ei ny regjering vil stanse dagens reform.

politikk@klassekampen.no

Vil endre lov dag éin

– Fyrste dag i regjering vil vi be Stortinget fjerne den generelle tilgangen i arbeidsmiljølova til mellombelse tilsettingar, sa Ap-leiar Jonas Gahr Støre til sitt landsstyre i går.

Han gjentok sitt poeng om at «det mest mellombelse ved regjeringas lovendring vil vere lovendringa sjølv».

I tillegg varsla Støre at det vil kome nye framlegg til arbeidsmiljølova:

– Vi vil setje oss ned med partane og byrje eit stort og viktig arbeid med å forsterke og fornye arbeidsmiljølova.

Eit av fleire moment er å fjerne dagens tilgang til å ha arbeidskontraktar utan løn mellom oppdrag. Støre vil òg forsterke allmenn­gjeringslova for å få eit lønsgolv i alle bransjar der ein eller båe partar meiner det trengst.

Om distriktspolitikk sa han at «vi no legg fleire titals sentraliseringsreformer oppå kvarandre».

Lars Sponheim