Onsdag 5. oktober 2016 Innenriks

Ekspert meiner pengane til skattelette kunne gitt fire gongar så mange jobbar i offentleg sektor:

Kutt skapar færre jobbar

SKATTEGÅVE: Kutt i formuesskatten har vore ei viktig sak for regjeringa og finansminister Siv Jensen. Det dei 50 rikaste sparar i formuesskatt, kan gje rundt 100 nye jobbar i året. Foto: Tom Henning Bratlie

SKATT: Regjeringa si skattegåve til dei 50 rikaste i landet kan skapa 100 nye arbeidsplassar i året, seier Siv Jensens handplukka ekspert.

Då finansminister Siv Jensen (Frp) ville ha ekspertråd om formuesskatt, kontakta ho Leo Grünfeld i analysebyrået Menon. Resultatet var ein rapport som viser at reduksjonen i selskapsskatt har langt større effekt på økonomien enn kutt i formuesskatt.

Klassekampen presenterte i går reknestykket som viser at dei 50 rikaste kjem til å få rett under éin milliard kroner i skatte­lette under den borgarlege regjeringas fireårsperiode. Klassekampen har bede Grünfeld rekna på effekten ved at dei rikaste i snitt har spara 250 millionar kroner i året.

Utrekninga til Grünfeld viser at kutta kan bidra til at det blir skapa 100 nye jobbar i året. Det er ein firedel av kva som kunne ha blitt skapa i offentleg regi.

Finansminister Siv Jensen har redusert formuesskatten i tre omgangar. Ho har argumentert for skattekutta med at dei gjer det meir lønsamt å investera i norske bedrifter, som igjen vil trygga sysselsettinga.

Blåblå skattelette:

• Klassekampen viste i går at dei 50 rikaste kjem til å få rett under éin milliard kroner i skattelette under den borgarlege regjeringas fireårsperiode.

• Leo Grünfeld i Menon analyse anslår at dette kan skapa rundt 100 arbeidsplassar i året.

• Dersom summen heller hadde gått til offentleg løn, ville det kunne ha skapa 400 arbeidsplassar i året.

Lite går til ny Jaguar

Reknestykket tek utgangspunkt i at kvar einaste krone av dei 250 millionane blir investert i økonomien og at dei rike ikkje bruker det på privat forbruk eller legg pengane i spare­grisen.

Skal ein først kutta i skatten til dei rike, gjev det dermed mest effekt å gje fordelen til dei rikaste av dei rike, resonnerer Grünfeld.

– Nokon av dei rikaste vil kanskje bruka litt av pengane på ein ny Jaguar. Men for dei aller rikaste er det mest sannsynleg at det meste dei sparer i skattekutt, går rett til nye investeringar, seier han.

400 arbeidsplassar

Investeringar på 250 millionar kroner i til dømes eit byggeprosjekt vil gje 175 millionar kroner i lønskostnadar. Halvparten av dette reknar Grünfeld går til importert arbeidskraft. Dermed vil investeringa gje rundt 100 nye årsverk i året i Noreg.

– Dersom dei 250 millionar kronene heller hadde gått til offentleg løn, ville det kunne ha skapa 400 arbeidsplassar i året, seier Grünfeld, som understrekar at dette er eit laust anslag.

Han viser vidare til at investeringar i privat regi vil kunne ha ein oppsamlande effekt på sysselsettinga på sikt. Om ein investor reinvesterer all avkastinga på prosjektet, vil det føra til auka sysselsetting i framtida.

– Dermed vil ein kunne skapa 120 årsverk på sikt, seier Grünfeld.

– Gjev lite tilbake

Roger Bjørnstad i Samfunnsøkonomisk analyse er svært skeptisk til at kutt i formuesskatten generelt kan bidra til sysselsetjing.

– Alt peiker i retning av det ikkje har stor effekt når det gjeld å skapa arbeidsplassar eller nye investeringar. Det er fleire grunnar til at det ikkje fungerer. Dette er skattelette på privatpersonars hand og på allereie investert kapital. Det kostar veldig mykje og gjev veldig lite tilbake.

– Kvifor?

– Bedriftene har i dag ikkje problem med å få tak pengar for investeringar. Problemet er mangel på etterspørsel etter produkta deira. Hadde bedriftene hatt meir sal, hadde de også investert og skapt arbeidsplassar. Dessutan har dei jo ledig kapasitet.

Bjørnstad meiner nær alle tiltak som påverkar etterspørselen vil gje større effekt på sysselsettinga. Det kan vere at det offentlege kjøper tenester frå private til infrastruktur, vegbygging og skular. Tradisjonelle skattelette til vanlege folk vil truleg også ha større effekt.

– Så kan ein jo spørja seg kva slags arbeidsplassar me ønsker å skapa. Om utfordringa er å skaffa Noreg nye bein å stå på etter olja, vil det å bruka desse midla på innovasjon, ny industri og forsking ha langt større effekt, seier han.

nyhet@klassekampen.no

Leo Grünfeld