Tirsdag 18. oktober 2016 Innenriks

Finansdepartementet veit ikkje kva dei «dynamiske skatteeffektane» faktisk er:

Finn ikkje skatteeffekt

THE 25 percent community: I opposisjon la Frp til grunn at dynamisk verknad av skattereduksjon var 25 prosent. Her er finansminister og partileiar Siv Jensen (Frp) i Stortingets vandrehall etter at ho tidlegare i oktober la fram regjeringas statsbudsjettutkast. Foto: Tom Henning Bratlie

BOB, BOB: I opposisjon talfesta både Høgre og Frp store «dynamiske effektar» av å kutte i formuesskatten. No kan ikkje Siv Jensens statssekretær vere «skråsikker» på effekten.

I Frps alternative statsbudsjett for 2013 meinte partiet at mindre skatt ville gje høgare investeringar, som i sin tur gjev større skattegrunnlag. Partiet kunne til og med talfeste dette fenomenet: «Det legges til grunn dynamiske effekter på 25 prosent.»

No kan ikkje Jørgen Næsje, statssekretær for Frp i Finansdepartementet, ein gong slå fast at denne effekten i det heile teke eksisterer:

– Finst det faktisk ein slik effekt?

– Eg meiner ein kan anta at den finst, men vi kan ikkje vere skråsikre på storleiken. Det skriv skatteutvalet òg, seier Næsje til Klasse­kampen.

Han meiner likevel at reduksjon i formuesskatten er bra for økonomien:

– Det er positivt å redusere formuesskatten fordi det kanaliserer pengar inn i investeringar i næringslivet.

Næsje meiner slike dynamiske effektar tek tid.

– Derfor kjem vi ikkje med overslag i kroner og øre.

Dynamiske

skatteeffektar:

• Ein effekt av å redusere skattesatsane. Teorien er at lågare skatt frigjer kapital som i sin tur blir sprøyta inn i økonomien. Ved at dette skaper arbeidsplassar og vekst i økonomien, får staten i neste runde større skattegrunnlag. Dermed blir reduksjonen i statens skatteinntekter mindre enn han i fyrste runde ser ut til å vere.

• Både Høgre og Frp la ein slik dynamisk skatteeffekt til grunn i sine siste alternative statsbudsjett (for 2013). Høgre meinte effekten var rundt ti prosent, medan Frp rekna 25 prosent.

Får ikkje svar

Som ein del av statsbudsjettarbeidet sender partia på Stortinget inn ei rekkje spørsmål til Finansdepartementet. Eit av spørsmåla frå finansfraksjonen til Arbeidarpartiet har denne ordlyden: «Hva er de dynamiske effektene av regjeringens formuesskattekutt over fire budsjetter?»

I sitt svar viser departementet til regjeringas skatteopplegg for 2017, der det ligg inne reduksjon i formuesskatten. Dei skriv i sitt svar at «Regjeringens forslag om lavere formuesskatt antas på denne bakgrunn å ha en positiv langsiktig virkning på økonomien», før dei konkluderer:

«Det framgår av omtalene i disse budsjettdokumentene at departementet ikke har grunnlag for å tallfeste de dynamiske virkningene av redusert formuesskatt.»

Fann tal i opposisjon

Men i opposisjon talfesta både Frp og Høgre ein slik effekt i sine alternative statsbudsjett. Høgre rekna hausten 2012 med om lag 10 prosent dynamisk effekt av skattereduksjon, medan Frp la til grunn heile 25 prosent.

– Kvifor kunne ein vere så nøyaktig i opposisjon, Næsje?

– Det var ein sjablong for alle skattelettane. Ein var nok ikkje veldig skråsikker, men meinte det var rimeleg å leggje det inn i budsjetta som ein illustrasjon.

– Men korleis kunne ein slå fast at det var 25 prosent?

– No sa skatteutvalet at ei skattereform slik dei tilrådde ville gje ein effekt på mellom 20 og 40 prosent, så då er ikkje 25 prosent så veldig avvikande, seier Næsje.

– Men dette er snakk om langsiktige effektar.

– I spørsmålet lurer Ap på kva effekten etter fire budsjett er. Burde det ikkje vore mogleg å sjå ein effekt no?

– Vi har vore i regjering i tre år, og det er ikkje så lang tid. Investeringar i næringslivet tek ofte lang tid. Eg trur ikkje dette er lett å rekne på, korkje på kort eller lang sikt.

– Men om ein ikkje kan rekne på effekten, korleis kan ein då vere sikker på at den finst?

– Ein treng ikkje vere sikker på storleiken, men ein kan anta at den finst.

«Ideologisk begrunnet»

Marianne Marthinsen, finanspolitisk talsperson for Arbeidarpartiet, er berre heilt middels imponert over regjeringas dynamiske skatteeffektar.

«Etter fire budsjetter har regjeringen fortsatt ikke klart å gi et svar på hvor mange jobber eller hvor store såkalte dynamiske effekter formuesskattekuttene deres gir. De hevder at disse kuttene skal bidra til at det skapes flere arbeidsplasser, men så langt har de altså ikke vært i stand til å underbygge påstanden med beregninger», skriv Marthinsen i ein e-post.

Ho meiner andre har funne betre svar enn Finansdepartementet:

«SSB har imidlertid beregnet effekten, og de viser at skattekutt generelt er en dyr og lite treffsikker måte å skape nye jobber på. Regjeringens har selv bestilt en rapport fra Menon om effekter av ulike typer skattekutt, og denne viser i tillegg at formuesskattekutt har langt mindre investeringseffekt enn kutt i selskapsskatten. Av ineffektive tiltak for å skape arbeidsplasser, prioriterer regjeringen altså en av de minst effektive grepene. Formuesskattekuttene framstår mer ideologisk begrunnet enn noe annet», skriv Ap-politikaren.

politikk@klassekampen.no

Marianne Marthinsen