Fredag 4. november 2016 Innenriks

Y-blokka

Det er noko rart med det: 22. juli 2011 gjekk Anders Behring Breivik til åtak mot regjeringskvartalet i Oslo. Fleire liv gjekk tapt, og endå fleire menneske vil slite med minna frå denne dagen resten av sine liv. I tillegg fekk omgjevnadene store skadar: Eit direkte resultat av terroristens ugjerningar er at staten vil reise eit nytt regjeringskvartal.

Mange milliardar (ingen veit kor mange) skal brukast på bygningar som er betre og sikrare enn dei vi har i dag. Alle departement utanom Forsvarsdepartementet skal bli samla i området rundt Høgblokka. Kvar gong eg er innom eit departement, tenkjer eg på kor mykje flottare desse kontora er enn det dei fleste andre offentleg tilsette må klare seg med.

Ein konsekvens av den enorme utbygginga er at Y-blokka skal vekk. Treng ein plassen til nye kontor? Neida, her skal det bli park. Den skal leie opp til Deichmanske bibliotek (der det ikkje skal vere bibliotek meir), som folk stadig også vil rive. Bygget har fått høyre at det ser ut som «ein amerikansk filmkulisse» og andre vektige byplanleggings­argument. Eg synst det er eit fint bygg, eg! Massevis av Oslo-folk, meg sjølv inkludert, har gode minne frå dette bygget som har skaffa oss ny kunnskap gjennom eit lite hundreår. Det er kanskje ikkje så viktig for nasjonen, dette biblioteket (eller jo, det er det), men Oslo er jo ein eigen by, ikkje berre eit vegkryss i Noreg.

Men så er det altså denne Y-blokka. Det tragiske faktum er at fordi terroristen sprengde delar av regjeringskvartalet, vil politikarane rive endå meir. At bygget er vakkert, historisk viktig og dessutan fullt brukande, er visst ikkje så viktig. Men kan vi ta oss tida til å tenkje gjennom symbolikken i at Noreg fullfører det arbeidet terroristen byrja?

Artikkelen er oppdatert: 11. november 2016 kl. 09.38