Onsdag 23. november 2016 Språket

Nokre gonger er ein professor i tvil.

Mot feil ordbruk

Spalta er ikkje plagsamt prega av påtale av avisspråk. Men avisene har ikkje krav på amnesti.

Klassekampen slo eit halvår sidan til med bred spisskompetanse. Logikken tilseier at ein spiss kompetanse ikkje kan vera brei – skrivaren bør velja.

Dagsavisen hadde Tyrkia går mot diktatur. Ja, gjev det var så vel! Men «mot» skulle her tolkast som «i retning av». No skal me ikkje forby skrivande å bruka «mot» på det viset, men eit uttrykk som «å gå mot» er notorisk skummelt. Ein må sjekka om mistolking er mogeleg. Overskrifta LO går mot olje-nei er slik sett tvillaust forkasteleg. Ingen lesar kunne her vera sikker på kva som var meininga.

Tittelen Populært å dele biler forstår mange rett (i 2016), men det er stadig slik at dela kan tyda «dela opp», ei slik interesse er dermed fullt tenkjeleg. Ei anna overskrift melde: Færre dør. Alle har vel innsett at livet har ein utgang. Dermed blir dei to orda i overkant mystiske.

Vold i nære relasjoner har vært et satsingsområde er derimot knapt mystisk, men døme på ein desk-katastrofe. Og Aftenpostens nyheitsoverskrift den 18. november er så visst tvitydig: Straffedømte tolker i retten.

Då Georg Apenes gjekk bort, vart han omtalt som klarsynt og bramfri. Tydeleg ein kompliment, i retning av «tydeleg, beint på sak». Feil ordbruk. For ennå er det slik at ordbøkene forklarer bramfri som «stillfaren, beskjeden» (Bokmålsordboka 2005). Altså det motsette. Hugseregelen er enkel: tenk på brask og bram! Dei to orda har med kraftig lyd å gjera, jamfør verbet å brumma.

Ein slags rekord i haust, iallfall i min bunke, var denne tittelen i Aftenposten: Slapp behandling av DNB. Denne fireords-overskrifta har i alt fire mogelege tolkingar, to knytt til «slapp» (adjektiv eller verb), to knytt til «av» (DNB som subjekt eller objekt).

Mitt universitet orienterte omverda om ei tvilsam sak: ein tilsett hadde produsert mistenkjeleg mange titlar. Dei skreiv at dei ville sette bort granskningen av den rekordstore publiseringen til «superforskeren». Ein klassisk preposisjonsbommert; hadde universitetsleiinga her valt ein vanleg s-genitiv (granskningen av «superforskerens» rekordstore publisering), ville floken ha løyst seg. Det får meg til å tenkja på den legendariske preposisjonsfeilen då me las i avisa at Dominique Strauss-Kahn var tiltalt for gruppevoldtekt av politiet i Lille.

Mi mest elska avisoverskrift hadde eg i månader klistra opp utanfor kontordøra: Professor i tvil. Avisa (Aftenposten) gjorde i og for seg ingen feil, for poenget var at professoren, tilsett ved NTNU i beiting og dyrehald, var i tvil. Men som mange ser, kan overskrifta òg, med humor, lesast slik at ein her å gjera med ein som er tilsett som professor i tvil. Slike professorar burde finnast! I alle fall eín, til dømes ved Universitetet i Oslo.

Til slutt noko som langt frå er feil eller dårleg. Avisa til det færøyske arbeidarpartiet heiter, ikkje uventa, noko i retning av ’den sosiale’. Men det færøyske avisnamnet opnar garantert norske leseauge. For avisa heiter Sosialurin.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Eit uttrykk som ‘å gå mot’ er notorisk skummelt»

Artikkelen er oppdatert: 12. desember 2016 kl. 13.20
Dele bilar: Populært, ifylgje avisa.