Lørdag 10. desember 2016 Innenriks

Ap har snart like mange stortingsmandat som dei fire borgarlege partia til saman:

Smell for høgresida

ERNA KAN BLI FJERNA: Dagens Norfakta-måling for Klassekampen og Nationen gjev raudgrønt fleirtal. Ap, SV, Raudt, Senterpartiet og MDG får til saman 95 av 169 plassar på Stortinget. Med KrF er dei oppe i 104. Foto: Siv Dolmen

AU: Venstre er meir enn halvert på ny meinings­måling. Høgre går tilbake. Ap og Sp er eitt mandat unna fleirtal.

MEININGS- MÅLING

Med 38,7 prosent oppslutning er Ap tilbake på gamle høgder. Om dette skulle bli valresultatet neste haust, er det det aller beste sidan Bobbysocks vann Melodi Grand Prix.

Målinga er utført 6. og 7. desember, altså etter at budsjettavtalen blei landa mellom dei fire borgarlege partia.

Nestleiar Hadia Tajik i Arbeidarpartiet er svært nøgd med tala.

– Dette er ei veldig inspirerande måling, seier Tajik til Klassekampen.

Ho fortel at Ap til no ligg på eit snitt rundt 36 prosent på målingane i desember.

– I november blei det igjen raudgrønt fleirtal på snittet av målingane. Det er fint å sjå nok ei måling som går i same retning, meiner ho.

– Kan du stadfeste at Ap nektar å gå i regjering om de ikkje får 36,9 prosent i valet neste haust?

– Haha, nei. Eg kan stad­feste at vi ikkje kjem til å setje noko prosenttal for regjeringsdeltaking, seier Ap-nestleiaren.

Ny måling:

• Norfakta har utført ei ny måling for Klassekampen og Nationen.

• Målinga er teken opp 6. og 7. desember, altså tysdag og onsdag denne veka.

• Spørsmålet som er stilt, er «hvilket politisk parti ville du stemt på dersom det var stortingsvalg i dag?», og det er 1010 respondentar i undersøkinga.

• 17 prosent svarte «veit ikkje», og 6 prosent vil ikkje stemme eller vil ikkje svare.

Krisemåling for Venstre

På denne målinga får Venstre stusselege 2,7 prosent oppslutning. Det er 3,3 prosent­poeng lågare enn i november og eit godt stykke under sperregrensa. Endringa er større enn feilmarginen. Målinga avvikar frå andre målingar teke opp dei siste dagane. Hos både ANB og Schibsted-avisene låg Venstre på firetalet.

Venstre-nestleiar Ola Elve­stuen svarer i ein e-post at 2,7 er eit for svakt tal:

«Dette er en dårlig måling for Venstre, men det er også en enkeltmåling. Med denne målingen ligger Venstre på rundt 4% i snitt i desember. Vi ligger nok jevnt over på en plass mellom 4% og 5% på meningsmålingene», skriv han.

Elvestuen meiner partiet kan vise til gode resultat den siste tida:

«Vi inngikk en budsjettavtale og tok ansvar for at landet ikke ble kastet ut i krise som en direkte følge av at Høyre og Frp gjennom sitt urimelige og svært uansvarlige ultimatum satte Stortinget i en svært vanskelig situasjon. Vi valgte også å ta ansvar for Stortingets enstemmige vedtak om Paris-avtalen, og vi fikk på plass en klimapakke som kutter klimagassutslipp. Å sørge for kutt i klimagassutslipp har vært avgjørende for Venstre i budsjettarbeidet.»

Desembersmell for Høgre

På denne målinga ser det heller ikkje ut til at veljarane takkar Høgre for å ha gjeve landet eit budsjett. Ein nedgang på 3,3 prosentpoeng er kraftig og større enn feilmarginen.

Trond Helleland, parlamentarisk leiar i Høgre, trur budsjettbråket er grunnen til at partiet hans no blir straffa.

«Dette går på tvers av de andre målingene vi har sett i det siste og er nok preget at budsjettrunden. Nå er vi blitt enige om et budsjett for flere jobber, bedre velferd og betydelige utslippskutt, det tror jeg vi belønnes for ved neste måling», skriv Helleland.

Han har von om at meir Høgre-politikk skal vere lokke veljarane tilbake.

«Høyre skal synliggjøre at løsningene våre virker: Lavere helsekø og kortere ventetid, elevene lærer mer og veiene blir bedre. Den sårbare økonomiske oppgangen vi nå ser må forsvares og forsterkes. Vi skal vise velgerne at Høyre tror på Norge og har den riktige politikken for å ta oss gjennom omstillingen.»

Nesten fleirtal

Med Aps 71 og Sps 13 mandat manglar dei berre éin representant for å få fleirtal. Både SV, KrF, MDG (og for den saks skuld Raudt og Venstre) kan skaffe Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum fleirtal i Stortinget. SV får ni plassar, og Raudt og MDG er inne med éin.

Det ser heller ikkje ut til at Listhaug-bråket har skaffa Frp fleire veljarar den siste månaden. Partiet står på staden kvil frå november. Om dette blei valresultatet, ville dei mørkeblå mista fire stortingsrepresentantar.

politikk@klassekampen.no

Trykk for større versjon