Tirsdag 17. januar 2017 Innenriks

• Seks av åtte selskap som vil køyra tog i Norge er statlege • Jernbaneforbundet er kritisk

Statar vil køyra norske tog

KLAR FOR NORGE: Kinesiske MTR er eitt av selskapa som skal vera interessert i norsk jernbane. Her frå Hongkong. Foto: ANTHONY WALLACE, Afp/ntb scanpix

STATSBANE: Hongkong, eit kanadisk pensjonsfond og svenskane snuser på norsk jernbane. Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er klar på at norske skattebetalarar sine pengar kan enda i ­statskassa til andre land.

På Sporet av reform

I løpet av våren skal togstrekningane Sørlandsbanen, Jærbanen og Arendalsbanen ut på anbod. Etter det Klassekampen erfarer, er det til no åtte selskap som har prekvalifisert seg til å vera med i anbodskonkurransen (sjå sidesak).

Seks av desse er selskap der statar er i majoritet på eigarsida: NSB, Flytoget, SJ, MTR, Keolis og Arriva. To av desse har private eigarar: Go-Ahead og Boreal.

Jane Sæthre, leiar i Norsk jernbaneforbund, er kritisk til at konkurransen om Jernbane-Norge kan bli til ein konkurranse mellom statseigde selskap.

– Det er ubegripeleg at Norge skal gje statssubsidiar til gigantar som er finansiert av stormakter. Dette er ikkje private selskap: Dei er store konsern med statsfinansiering i ryggen.

Jernbanereforma:

• Som følge av reforma tek Bane Nor og Jern­bane­direktoratet over oppgåvene til Jernbaneverket. NSB blir gjort om til eit reint transportselskap og mister tog, verkstadar og stasjonar.

• All nasjonal togtrafikk skal ut på anbod. Først ut er Sørlandsbanen, Arendalsbanen og Jærbanen.

• Åtte selskap skal vera prekvalifisert til å konkurrera om desse strekningane. Seks av selskapa er statlege.

– Dei beste skal vinna

Regjeringa skriv i stortingsmeldinga «På rett spor» at jernbanereforma vil bidra til «en mer forretningsmessig innretning på sektoren ved at oppgaver overføres til private aktører etter konkurranse».

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) avviser at strategien har mislukkast når statseigde selskap dominerer lista over prekvalifiserte selskap.

– Målet er ikkje at selskapa som vinn, skal vere privat eigd. Målet er at det er dei beste som vinn anbodet. Eg synest det hadde vore kjempebra om til dømes Flytoget kunne utkonkurrera NSB på ein del strekningar. Konkurranse kan få selskap til å skjerpa seg.

– Er det ikkje eit paradoks at norske subsidiar til jernbanen kan hamna i den franske eller kinesiske statskassa?

– Målet er å redusera behovet for subsidiar til jernbanen samstundes som tilbodet blir forbetra. Eg ser ikkje at folk meiner det er eit problem at Bybanen i Bergen blir drive av eit fransk selskap (det statseigde selskapet Keolis, journ.merk). Om norske skattebetalarar sine pengar i endar i statskassa i Frankrike, så vil det i så fall skje fordi franskmennene er best på tog, seier Solvik-Olsen og legg til:

– Norsk skal vere arbeidsspråk på norske tog uansett kva selskap som vinn kontrakten. Me ender ikkje opp med ein situasjon der togpersonalet må snakka kinesisk om kinesarane vinn.

Kinesarane kan koma

Og nettopp kinesarane kan komme til å køyra Sørlandsbanen i framtida. Kinesiske MTR er på lista over selskap som skal vera prekvalifisert. Selskapet har alt danka ut NSB i ein runde: I fjor vann MTR over NSB sitt svenske dotterselskap Tågkompaniet i togkonkurranse i Sverige.

Jane Sæthre ser på MTR som ein god kandidat på lista.

– MTR har høg tilfredsheit både blant kundar og med­arbeidarar. Generelt tenker eg at konkurranse kan ha positive konsekvensar for NSB ved at selskapet må sjå på seg sjølv med nye auge.

På eigarsida til dei åtte selskapa finn ein alt frå den tyske staten, eit kanadisk pensjonsfond til eit luxembourgsk pengefond. Det får Jane Sæthre til å lura.

– Eg lurer på kva som er strategien for desse eigarane. Kva ser eit stort kanadisk pensjonsfond i Sørlands­banen i Norge?

– Er ikkje desse eigarforholda typiske for det nye Jernbane-Europa?

– Nei, berre for Storbritannia og Sverige. Tyskarane har eit heilt anna syn på jernbane. Dei har nokre innslag av private på bana, men berre der det er praktisk. Tyskarane konkurranseutset ikkje jernbana ut av ideologi, i motsetnad til oss i Norge.

Norsk jernbaneforbund og Norsk Lokomotivmannsforbund har blitt kontakta av seks av dei åtte selskapa som skal vera prekvalifiserte. Go-Ahead og Boreal har førebels ikkje tatt kontakt.

Konsulentselskapet Proactima skriv på nettsidene sine at Go-Ahead er prekvalifisert. Boreal vil ikkje stadfesta overfor Klassekampen om dei er med i konkurransen. Samferdselsdepartementet vil ikkje kommentera namn eller tal på prekvalifiserte selskap.

marial @klassekampen.no

Desse selskapa er interesserte

Åtte selskap skal vera prekvalifisert til å konkurrera om Sørlandsbanen, Arendalsbanen og Jærbanen.

NSB Køyrer i dag tog på desse tre strekningane. NSB er eigd av Samferdselsdepartementet.

Flytoget Køyrer i dag hurtigtog mellom Drammen, Oslo S og Oslo Lufthavn. Er eigd av Næringsdepartementet.

SJ Svensk, statseigd transportselskap som i hovudsak køyrer persontrafikk med tog i Sverige.

MTR Grunnlagt i 1975 med mål om å bygga og driva undergrunnbane i Hong Kong. Har seinare ekspandert til fastlands-Kina, Australia, Sverige og Storbritannia. Rundt 75 prosent av selskapet er eigd av Hongkong, resten er private.

Keolis Fransk transportselskap som har buss, trikk og tog i ei rekke land, inkludert Bybanen i Bergen. Keolis er 70 prosent eigd av det franske statseigde togselskapet SNCF. Resten er eigd av det kanadiske pensjonsfondet CDPQ.

Arriva Britisk selskap som tilbyr buss- og togtenester i 14 europeiske land, inkludert Sveirige og Danmark. Er eigd av Deutsche Bahn, som igjen er eigd av den tyske staten.

Go-Ahead Britisk, privateigd selskap som køyrer buss og tog i Storbrittania og buss i Singapore. Selskapet vann nyleg kontrakt på tysk jernbane.

Boreal Norsk konsern innan kollektivtransport som køyrer buss, trikk, hurtigbåt og ferjer. Eigd av ei norsk investorgruppe med eit infra­strukturfond frå Luxembourg i ryggen.

Jane Sæthre