Lørdag 11. mars 2017 Innenriks

Høgre gjer endå ei god måling, men regjeringspartiet må sjå seg slått av dei raudgrøne i ei ny måling:

Mistar makta likevel

Sikker: Partileiar Erna Solberg meiner Senterpartiet tener på at norske veljarar er usikre.

PYRRHOS: Ei fersk måling stadfestar trenden: Høgresida ligg dårlegast an til å vinne haustens val. Nøkkelen ligg i at Venstre klarer sperre­grensa.

Landsmøte

Høgre-leiar Erna Solberg har grunn til å smile over dagens meiningsmåling. 25,3 prosent ville vore eit svært sterkt resultat for Høgre. Men dette er den femte målinga denne veka som gjev venstresida fleirtal. Venstre ligg nemleg under sperregrensa på alle saman.

– Det er eit valresultat Høgre hadde vore nøgde med, men det er klart at det totale valresultatet for borgarleg side ville vi ikkje vore så nøgde med. Det er alltid fint når det går bra med oss, men summen på borgarleg side er jo viktig, seier Solberg.

Høgre-landsmøtet:

• Det er framleis partiprogrammet som er den store saka – også i dag.

• I dag skal landsmøtet debattere mellom anna sysselsetting, forsvar, offentleg sektor og velferdsordningar. Særleg er er det knytt spaning til kor landsmøtet endar i spørsmålet om forsvarsbudsjettet.

• KrF-leiar Knut Arild Hareide kjem for å helse landsmøtet.

• Kvelden blir avslutta med den store landsmøtefesten.

Venstre under sperregrensa

På målinga, som er utført av Norfakta for Klassekampen og Nationen, får Venstre 3,3 prosent. Solberg ser at det er viktig med suksess for alle partia dersom dei skal berge eit nytt fleirtal.

– Kor mykje kjenner du på det ansvaret, som leiar av borgarleg side?

– Eg kjenner på det ansvaret at skal vi få halde fram, treng vi å ha eit fleirtal av mandat bak oss. Men det er jobben til kvart enkeltparti å løfte seg. Så kan vi i fellesskap bli flinkare til å vise fram kva vi får til, seier Solberg.

På denne målinga er det KrF og Raudt som har endringar ut over feilmarginen. Raudt er større enn Miljøpartiet Dei Grøne på denne målinga.

Senterpartiet og Arbeidarpartiet mønstrar til saman fleire mandat enn dei fire borgarlege partia.

Venstre er ikkje nøgd

Guri Melby er sentralstyremedlem og leiar av programkomiteen i Venstre. Dei mange målingane på tretalet uroar henne.

– Eg er ikkje nøgd med dette. Vi vil jo ikkje berre bryte sperregrensa, men på sikt bli eit middels stort parti. Vi har no sett denne trenden over lengre tid. Den må vi bryte, seier Melby.

Ho meiner Venstre må vise seg fram på fleire område.

– Sjølv om eg personleg er glad for at vi markerte oss så bra på klima og miljø i haust, blir det for smalt. Den viktigaste jobben no er å breie oss ut, seier Melby.

Særleg er ho oppteken av skulen.

– Skule, og oppvekst generelt, blir viktig. Her blir også nokre av dei viktigaste debattane på landsmøtet vårt, seier Melby.

Ho meiner det er ei utfordring at Venstre og Høgre har relativt stort samanfall i kunnskapspolitikken.

– Sjølv om Venstre har eit breiare perspektiv på daning som noko like viktig som det å skaffe arbeidskraft til næringslivet, seier Melby.

Strenge-Jan gav skattetrøkk

Erna Solberg er samd i Melbys analyse.

– Det er nok ei utfordring for Venstre. Vi og Venstre er ikkje så usamde om skule, og denne regjeringa satsar på skule, forsking og utdanning. Det gjeld òg gründerskap og ein del andre tema som har breidd ut profilen til Venstre. Då blir det gjerne konfliktområda som står att. Det gjeld delvis asyl og innvandring, og delvis på klima og miljø, seier Solberg, og peikar på historia for å vise at konflikt formar eit parti:

– Når ein vel å spisse konflikt på nokre område, skaper det profilen. For tjue år sidan blei Jan Petersen «Tøffe-Jan» i VG fordi han ikkje skulle ha ei krone i skatteauke i Bondevik 2-regjeringa. Det gav Jan ein ny – tøff! – look, og det poengterte kor viktig skatt er for Høgre.

Norge, mitt Norge

Sp gjer gode målingar no. Solberg meiner partiet tener på at norske veljarar er usikre.

– Det er ein konsekvens av at det er mykje uvisse og mange endringar i det norske samfunnet. Det gjer at eit senterparti som ikkje sit med ansvar, lettare kan argumentere mot. Då dei sat i regjering var det meir sjukehusomstrukturering enn det er no. Landbruket har betre økonomiske rammevilkår no enn under den førre regjeringa. Politianalysen starta jo under den førre regjeringa, sier Solberg.

Men i urolege tider er det alltid rom for eit parti som seier «nei, nei, vi skal ikkje gjere endring», meiner ho.

– Det fyller dei som eit glansnummer for augneblinket, men det tek ikkje Noreg framover.

– De har slagordet «Vi tror på Norge», medan Ap har «Vi tar Norge videre». Kva tid får den storkoalisjonen mange lillaveljarar nok ønskjer seg?

– Det får ein ikkje. Det er veldig viktig å hugse at det er nokre grunnleggjande skilnader mellom Høgre og Ap, og i mange saker går skiljet tvers gjennom Ap. Det måtte i så fall vere ei nasjonal kriseregjering, og der er vi ikkje no.

politikk@klassekampen.no

Trykk på målingen for større versjon.