Mandag 13. mars 2017 Innenriks

Kristeleg folkeparti var tema då Høgres redaksjonskomité diskuterte eggdonasjon:

KrF-prat på bakrommet

Verdikonservativ: Høgre har ikkje bevegd seg bort frå KrF på dette landsmøtet, men haldt på den verdikonservative lina. foto: tom Henning bratlie

EGGLØYSING: KrF fekk eit meir verdikonservativt Høgre i helga. KrF-topp meiner Høgre gjer seg klar for blågrøn regjering.

høgre-landsmøtet

Helgas Høgre-landsmøte var prega av eit parti som ikkje har glemt sine verdikonservative røter. Trass i vedtak som å tillate ”pils i park” gjorde regjeringpartiet vedtak som KrF kan nikke til.

Kjell Ingolf Ropstad er stortingsrepresentant og innstilt som ny nestleiar i Kristeleg Folkeparti. Han liker det han har høyrt i helga:

– Det ser ut som om Høgre førebur seg på ei sentrum-høgre-regjering, seier Ropstad til Klassekampen.

Han legg særleg vekt på eggdonasjon, barnetrygd, kontantstøtte, fedrekvote og sjølvstendig oppteningsrett for far.

Ropstad meiner Høgre med dette landsmøtet tek eit steg bort frå Framstegspartiet og mot sentrum. Ap ligg an til å seie ja til eggdonasjon, medan Høgre no gav melding om at dei ikkje ville vedta dette.

– Gjer det at det blir lettare for KrF å velje side?

– Eg skal ikkje forskuttere noko, men vi frykta jo at Høgre skulle ta eit steg i retning i Ap desse spørsmåla. Det har dei no ikkje gjort. Det er veldig bra, og det er viktig for KrF.

Høgre-landsmøtet:

• 361 delegatar har i helga vore samla på Høgre-landsmøtet på Gardermoen.

• Hovudsaka har vore vedtak av nytt stortingsprogram.

• I tillegg har partiet vedteke resolusjonar og gjennomført val.

• Frank Jenssen leidde komiteen som arbeidde med partiprogrammet under landsmøtet, medan Tina Bru leidde komiteen for resolusjonar.

• Høgre vil i år gå til val på slagordet ”Vi tror på Norge”.

Løyste opp i eggerøra

Og KrF har grunn til å vere nøgde med gjennomslaget hos sitt samarbeidsparti. På førehand hadde KrF lagt eit stort press på Høgre for å ikkje gå i for verdiliberal retning. Til Klassekampen sa KrF-nestleiar Olaug Bollestad sist veke at partiet ville følgje nøye med på kva vedtak som blei gjort i helga.

Klassekampen får stadfesta at KrF også var tema i sjølve komiteen som handsama stortingsprogrammet under landsmøtet i helga: I saka om eggdonasjon var omsynet til samarbeidspartiet ein av grunnane til at Høgre ikkje går til val på å tillate eggdonasjon – sjølv om partiet nok drar i retning av å gå inn for dette i ei ikkje veldig fjern framtid.

– Blei mindre liberalt

Sveinung Stensland sit på Stortinget frå Rogaland, eit tradisjonelt sentrumsorientert fylkeslag i Høgre.

– Høgre er eit litt mindre liberalt parti no enn kva vi var på torsdag. Grunnen er at Rogaland Høgre har dryssa litt verdikonservatisme over programmet.

Også han meiner at KrF har god grunn til å vere nøgde med Høgre-landsmøtet.

– Men dei må ikkje innbille seg at vi har gjort det på grunn av dei. Vi har gjort det på grunn av oss sjølve, seier Stensland.

Har halde på lina

Høgre-nestleiar og helseminister Bent Høie er frå same fylkeslag som Stensland, og er kjend som ein av dei meir verdikonservative i Høgre. Han meiner KrF har fått eit Høgre som er til å kjenne att.

– KrF har grunn til å vere nøgde?

– Ja, det er ingenting som har skjedd denne helga som gjev grunn for KrF til å ta sin diskusjon på ny. Avstanden mellom Høgre og KrF har ikkje blitt større etter denne helga, seier Høie.

Han understrekar at standpunkta ikkje er fatta av omsyn til KrF, men rett og slett fordi det er der partiet står.

– På mange avgjerande viktige spørsmål er det tydeleg at Høgre har halde på den verdikonservative linja. Det gjeld familiepolitikken og alkoholpolitikken, til dømes.

Høgre-landsmøtet vedtok framleis kontantstøtte og fedrekvote og var mot å erstatte barnetrygda med gratis barnehage.

– Dette er viktige spørsmål knytt til valfridomen i familiane. Det var ein del debatt i framkant av landsmøtet, og dessutan spaning knytt til kva retning partiet skulle ta, seier Høie.

– Er det eit frieri til KrF?

– Nei, Høgre vedtek sin politikk og sine meiningar med utgangspunkt i det vi vil gå til val på. Så er det ingen tvil om at vi og KrF er samde i mange av desse sakene. Det er jo ein politisk fellesskap mellom Høgre, Venstre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, og det er ikkje utan grunn at alle dei tre andre partia er veldig ivrige med å samarbeide med Høgre. Det er fordi dei finn mykje av si tenking att hos Høgre.

– I saka om eggdonasjon har det vore mykje snakk om KrF?

– Ja, akkurat i eggdonasjonsaka er det sikkert nokre som har vektlagt det i korridorane. Men bakgrunnen for at vi utset det er at Høgre treng tid til å diskutere det.

politikk@klassekampen.no