Tirsdag 2. mai 2017 Lederen

Samhaldet

• 1. mai-markeringane landet rundt viste at den norske arbeidarrørsla står sterkare og meir samla enn i mange andre land. Internasjonalt er banda mellom fagrørsla og partia på venstresida svekt. I fleire land ser vi at venstrekreftene er på defensiven, mens høgrepopulistar forsyner seg av tankane og veljarane til venstresida. I Norge er derimot veljarane i ferd med å vende ryggen til den mest høgreorienterte regjeringa vi har hatt. I går viste fagrørsla, med LO i spissen, at dei vil mobilisere sine eigne medlemmer for å kaste Høgre og Frp ut av regjeringskontora ved valet til hausten. «Reduser forskjellene – H og Frp ut av regjering – Stopp velferdsprofitørene», var hovudparolane på Youngstorget i Oslo.

• Arbeidsminister Anniken Hauglie åtvara i Dagsavisen laurdag LO mot å bli for partipolitiske. Høgre-statsråden hevdar at LO kan miste legitimitet ved alltid å kjempe mot ei borgarleg regjering. Problemet til ministeren er at det er Høgre/Frp-regjeringa som har mista legitimiteten blant arbeidstakarar flest. Undersøkingar viser at LO-medlemmene no samlar seg om partia på venstresida. I neste veke kjem LO-kongressen til å følge opp dette ved å vedta krav om ei ny regjering. Den blåblå regjeringa har nemleg ansvaret for rekordhøg arbeidsløyse og fallande sysselsetting. Regjeringa har svekt arbeidstakarrettane og gjort arbeidslivet meir utrygt. Store skattekutt til dei rikaste har auka dei sosiale forskjellane, og sentralisering har forsterka geografisk ulikskap.

• Kravet om ny regjering prega 1. mai-feiringa i går. På Youngstorget i Oslo tala Jonas Gahr Støre (Ap), Audun Lysbakken (SV) og Bjørnar Moxnes (Raudt) alle om at vi må få eit nytt fleirtal for å betre forholda i arbeidslivet. Meiningsmålingane tyder da også på at Støre kan bli statsminister med støtte frå SV, Sp og kanskje også Raudt og KrF. Nett no ser det ut til at Ap kan få godt over 30 prosent av stemmene, at SV vil komma over sperregrensa og at Raudt også kan få plass på Stortinget. Fram til stortingsvalet må alle gode krefter kjempe for ei ny regjering og ei sterkare venstreside som styrkar fellesskapet og samhaldet i Norge.