Tirsdag 20. juni 2017 Innenriks

• Stadig fleire er for at Noreg skal vere med i EØS • Men to av tre er mot EU-medlemskap

EØS-motstanden avtar

NEI OG NEI OG NEI: Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet meiner det er eit paradoks at EØS-motstanden søkk samstundes som fagrørsla har intensivert kampen. Foto: Christopher Olssøn

JA, JA: På fem år har EØS-støtta auka 10 prosentpoeng. – Eg er overraska over at argumenta frå fagrørsla ikkje slår meir inn, seier Liv Signe Navarsete.

EØS

Samstundes som britane går inn i brexit-forhandlingane, aukar oppslutninga om både EU og EØS i Noreg.

I januar 2012 var det 46 prosent som sa ja til at Noreg framleis burde halde fast ved EØS-avtalen. Motsanden var høg: Heile 34 prosent sa nei. EØS-motstandarane var optimistiske og meinte det var god sjanse for at motstandarane ville gå forbi tilhengarane.

No, fem og eit halvt år seinare, er bildet eit heilt anna:

56 prosent seier ja til EØS-avtalen.

27 prosent seier nei.

17 prosent veit ikkje.

Det viser ei fersk måling Sentio Research har utført på oppdrag for Klassekampen og Nationen.

Liv Signe Navarsete, utanrikspolitisk talsperson i Senterpartiet, meiner det er vanskeleg å nå gjennom i det offentlege ordskiftet.

– EØS-tilhengarane har eit overveldande fleirtal i Stortinget, slik også EU-tilhengarane har. Dei fortel stadig vekk om kor ille det vil bli utan EØS, seier Navarsete.

Navarsete trur noko av bakgrunnen kan vere den store debatten om brexit.

– Brexit har kanskje gjeve ein reaksjon andre vegen og ført til ei uvisse om alternativa. Vi må kanskje bli tøffare i EØS-motstanden, meiner ho.

– Er det eit paradoks at EØS-støtta veks i ein periode der både Nei til EU og delar av fagrørsla har intensivert EØS-kritikken?

Måling om EU og EØS:

• Utført i juni 2017 av Sentio Research Norge AS på oppdrag for Klassekampen og Nationen.

• Talet på respondentar er 1000, og intervjua er gjort per telefon.

• EØS-spørsmålet er: «Dersom det skulle være folkeavstemning om EØS-avtalen i morgen, ville du da ha stemt …» med alternativa ja, nei eller veit ikkje.

• EU-spørsmålet er «Hvis det hadde vært folkeavstemning om EU-medlemskap nå – ville du ha stemt ja eller nei?».

– Ja, det er eit paradoks. Vi ser kor tett integrert vi blir med EU på område som finans, energi og no forsvar. Eg er usikker på kor høgt på agendaen dette er i folks medvit. Vi får ikkje den breie debatten, meiner Sp-toppen.

Ho meiner folk ikkje ser kor EØS-ivrige stortingsfleirtalet eigentleg er:

– Ein må vere tett på for å sjå kor ivrige i tenesta dei er. Men det er overraskande at argumenta frå fagrørsla ikkje slår meir inn i debatten.

Høgre-hurra

Også EU-oppslutninga aukar: 24 prosent er no for norsk EU-medlemskap. Det er det høgaste talet sidan mai 2011. «Berre» 65 prosent er mot. Også her må ein seks år tilbake for å finne tilsvarande tal.

EU- og EØS-minister Frank Bakke-Jensen frå Høgre er svært glad for tala.

«Dette er gledelige tall. Jeg tar det som et tegn på at den økte debatten vi har hatt om EØS-avtalen denne vinteren og våren får øynene opp for flere om hvor viktig denne avtalen er for norsk økonomi og norsk velferd. Det har lenge vært jevn og bred støtte i det norske folket og på Stortinget for at vi fortsatt skal være del av det europeiske samarbeidet gjennom EØS-avtalen, Schengen-avtalen og våre øvrige avtaler med EU. Disse avtalene er rammeverket for regjeringens europapolitikk», skriv han i ein kommentar til Klassekampen.

EØS-jubel i Oslo

I Nord-Noreg er det daudt løp: 42 prosent mot og 42 prosent for EØS. I Oslo er det 68 prosent for og 17 prosent mot. Ap- og Høgre-veljarar er klart mest for EØS, medan motstanden er høgast mellom dei som røystar Sp og Frp. Roy Pedersen er leiar i LO i Oslo og ein markant EØS-kritikar i fagrørsla.

– Kva tenkjer du om at Oslo er så EØS-venlege?

– I nord er det jo ei anna nærleik til primærnæringane. Her i Oslo har vi media som ikkje er særleg opptekne av kritikken frå fagrørsla. Men det er klart vi har ein jobb å gjere, seier Pedersen.

Nei til EU-leiar Kathrine Kleveland seier til Klassekampen at ho er glad for eit høgt og stabilt nei-fleirtal i EU-spørsmålet. EØS-tala er ho ikkje like glad for.

– Eg skulle ønskje de hadde inkludert handelsavtale med EU som eit alternativ. På våre eigne målingar ser vi at når folk får det alternativet, er det fleirtal for å erstatte EØS med handelsavtale, seier ho.

– Kvifor trur du EØS-motstanden har tapt seg samstundes som de og fagrørsla har skjerpa kampen mot EØS?

– Verda rundt oss er prega av politisk uro, og folk søkjer tryggleik. Eg trur nok mange vil sjå på det å forlate EØS som noko usikkert, sjølv om eg ikkje meiner det. Mange veit lite om EØS og trur at avtalen trengst for å handle med EU. Det stemmer ikkje. 150 land handlar med EU, og det er berre dei tre EØS-landa som godtek å endre sitt eige lovverk for å gjere det. Eg vil derfor halde fram med å informere om kva EØS-avtalen eigentleg er og korleis den endrar samfunnet vårt.

politikk@klassekampen.no