Fredag 25. august 2017 Innenriks

• Høgre får millionar frå Sveaas i innspurten • Bruker store summar på Snapchat

Hevar glaset for Høgre

SKÅL: Mangemilliardær Christen Sveaas blar opp seks millionar for å redde høgresida i innspurten. Men Kristeleg Folkeparti får null.

VALKAMP-STØTTE

Det kostar pengar å vinne val. Heldigvis for høgresida kastar milliardær Christen Sveaas seg no inn i valkampen med seks millionar kroner, fordelt på tre til Høgre, to til Frp, éin til Venstre og null til KrF. Det er langt mellom målingane der desse partia har fleirtal, så dei milde gåvene kjem nok godt med.

John-Ragnar Aarset, generalsekretær i Høgre, er ikkje overraskande glad for pengane.

– Eg får vel seie gratulerer?

– Jo, takk! Vi treng kvar krone for å nå Arbeidarpartiet sitt valkampbudsjett til knea, seier Aarset til Klassekampen.

Christen Sveaas:

• Christen Sveaas (født 18. juni 1956) er ein norsk forretningsmann, investor og kunstsamlar.

• Han er grunnleggjar og eineeigar av investerings­selskapet Kistefos AS, viseformann i styret for Kistefos-museet og formann i styret for Anders Sveaas’ Allmennyttige Fond.

• Ifølgje Kapital er han Noregs 28. rikaste, og god for 5,750 milliardar kroner.

11,7 millionar

I år har Høgre sentralt samla inn 11,7 millionar kroner, medan Ap har fått 29 millionar – hovudsakleg frå fagrørsla. I tillegg fekk Høgre valkampbidrag i fjor. Det blei merksemd om Stein Erik Hagen, som gav heile fem millionar til valkampfondet i september 2016.

Aarset fortel at dei fekk eit signal i juli om at pengane ville kome.

– Og så kom dei inn på konto for ikkje så mange dagar sidan.

Pengane er rapportert inn, slik at gåva er synleg på nettstaden partifinansiering.no.

– Kva skal de bruke pengane på?

– Vi vil prioritere annonsering i digitale flater, valkampmateriell og ikkje minst vår hovudaktivitet for rørsla i denne valkampen: husbesøk. Det er ikkje gratis, fortel Aarset.

– Kva tenkjer du om at KrF, det fjerde partiet i koalisjonen, ikkje får noko?

– Det har eg ingen tankar om. Eg er berre glad for at han har ville gje pengar til oss.

– Har de fått signal om andre gåver?

– Det har kome inn noko dei siste dagane, men ingenting i denne storleiken.

For fire år sidan gav Sveaas to og ein halv million til Høgre, halvannan million til Frp og éin million til Venstre. I 2009 gav han to millionar til Frp og «berre» éin til Høgre, som han meinte hadde blitt utydeleg i skattespørsmål.

Klassekampen har ikkje fått svar frå Sveaas på våre spørsmål.

Kompis i skogen

Christen Sveaas er medeigar i det kriseråka Norske Skog. Tidlegare i månaden ymta statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg frampå at det kunne vere mogleg å hjelpe selskapet.

Generalsekretæren i Høgre er tydeleg på at det er ei kopling mellom dette og gåva.

– Det er sjølvsagt ingen samanheng her.

Erna-filteret

Og pengane kjem godt med. Høgre har i denne valkampen satsa hardt på å minne folk om at ei røyst på Høgre er ei røyst på populære Solberg som framleis statsminister.

Dag Terje Solvang er marknadssjef i Høgre.

– Snapchat har synt seg å vere ein bra kanal for å nå ut. Det er moro å eksperimentere på nye flater, seier han.

Når du tek eit bilete av deg sjølv, kan du no velje eit såkalla filter som viser at du heiar på Erna Solberg.

– Kor mykje kostar det at folk får opp det filteret?

– Det kostar ein del.

– Eg har høyrt eit rykte om at det kostar 200.000 kroner dagen?

– Det var ikkje noko dårleg rykte. Vi får fleire element på Snapchat, som linser, filter og annonsering.

Dei siste dagane har også Ap byrja annonsere på den populære biletdelingskanalen. Solvang er ikkje så imponert over rivalen.

– Det er litt keisamt å bli mast på av Jonas. Dei kunne vore meir leikne, er Høgre-toppens dom.

Bærum og Monaco

Høgre har fått pengar både herfrå og derfrå. Klassekampen skreiv i mars om at Arne Helge Fredly, skatteflyktning busett i Monaco, har gjeve 100.000 kroner til valkampen. Saka fekk SV-leiar Audun Lysbakken til å stille spørsmål om pengegåver frå skatteflyktningar til Erna Solberg i Stortingets spørjetime.

I 2015 skreiv Budstikka om at godseigar Carl Otto Løvenskiold betalte 250.000 kroner i valkampbidrag på fakturaer som gjorde at han kunne få momsen refundert.

politikk@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 9. oktober 2017 kl. 10.55
John-Ragnar Aarset