Mandag 16. oktober 2017 Innenriks

Sogn og Fjordane vil sikra særeige for kraftmilliardar før samanslåing med Hordaland:

Fryktar for arvesølvet

MEDGIFTA: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling (Sp) forhandla i fjor fram ein avtale med fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun (Ap) om verdiane Sogn og Fjordane tek med seg i ei samanslåing. Foto: Christopher Olssøn

MEDGIFT: Milliardverdiar kan stå på spel når to vestlandsfylke skal slå seg saman. Motstandarane brukar tvil om kraftmilliardane for å hindre samanslåinga.

Fylkes­REFORM

Stortinget vedtok før sommarferien å slå saman Hordaland og Sogn og Fjordane til ein region. Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland røysta for ei samanslåing i februar i år. Medan Sogn og Fjordane går til ekteskapet med ein stor medgift fra kraftproduksjonen i Sogn og Fjordane Energi, er Hordaland fattig og gjeldstynga.

– Den manglande tryggleiken for kva som skal skje med desse verdiane er ein av grunnane til at vi har røysta mot å slå oss i lag med Hordaland, seier Aleksander Heen, fylkesutvalsmedlem for Senterpartiet i Sogn og Fjordane.

Fylkeskommunen har sikra seg ei form for særeige for denne medgifta. Dette særeiget er ikkje endeleg juridisk avklart.

Sogn og Fjordane energiverk:

• Sogn og Fjordane energiverk er ei verksemd som produserer kraft og byggjer ut og held ved like kraftliner.

• Samla kraftproduksjon frå dei 12 kraftverka er 2500 GWh, som svarer til straumforbruket til 120.000 husstandar.

• Verksemda er den 12. største kraftprodusenten i Noreg og er eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune (49,5 prosent), Bergenshalvøens kommunale kraftselskap (36,8 prosent) og sju kommunar i Sogn og Fjordane.

• Verdien på selskapet er utrekna til om lag seks milliardar kroner.

Byggje opp fond

– Vi har ein intensjonsavtale som tryggar formuen vår, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Ho forhandla i fjor fram avtalen med fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap). Men då fylkestinget i Sogn og Fjordane skulle røyste over intensjonsavtalen, var hennar eige parti Sp eit av tre parti som røysta imot.

Intensjonsavtalen seier at fylkeskommunen kan byggje opp eit fond på inntil 1,5 milliardar kroner i verdiar som «kan bli haldne utanfor regionetableringa i 2020», som det heiter i avtalen.

Vinsten ved sal av reiarlaget Fjord1 på ein milliard går inn i fondet, det same gjer aksjeverdien av fylkets aksjar i Sogn og Fjordane Energi. Desse har ein bokført verdi på 350 millionar kroner, men salsverdien er truleg nærare tre milliardar kroner. Fondet og avkastninga frå dette skal nyttast til investeringar innanfor dagens fylkesgrenser for Sogn og Fjordane.

Fylkesordførar Følling seier at bruken av bokført verdi var viktig i intensjonsavtalen.

– Det er den bokførte verdien som tel, ikkje kva salsverdi selskapet har, seier ho.

– Kan du garantere for at verdiane av SFE blir verande att i Sogn og Fjordane?

– Fylkestinget gjorde eit vedtak i desember på korleis vi skulle sikre eigarskapen. Den prosessen er vi i gang med hjelp frå dyktige rådgjevarar. Utan intensjonsavtalen ville vi ha hatt eit mykje dårlegare utgangspunkt.

Heller ikkje fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap) kan gje garantiar:

– Eg er heilt trygg på at verdiane er betre sikra med ein intensjonsavtale enn utan, men alt ikkje mogleg å avklare 100 prosent på førehand.

Framleis utrygg

Sps Alexander Heen er ikkje trygg på at verdien av SFE-aksjane er sikra.

– Eg er ikkje 100 prosent sikker på at formuleringa i intensjonsavtalen er god nok.

– Ville det ikkje vore ein fordel om desse spørsmåla var avklart før intensjonsavtalen vert vedteken?

– Jo, dette var ein av grunnane til at fleire av oss var imot. Det er snakk om svært store verdiar, og då må vi vere trygge for korleis desse er sikra før vi gjer vedtak, seier Heen.

Bergenshalvøens kommunale kraftselskap (BKK) er ein stor minoritetseigar i BKK. Dersom Sogn og Fjordane fylkeskommune skal overføre aksjane i SFE til eit fond, kan det utløyse forkjøpsrett til BKK.

Følling meiner forkjøpsretten ikkje vert utløyst av ei slik overføring.

– Tilføyinga som vart gjort i inndelingslova i 2016 klårgjer at reglane i aksjelova om forkjøpsrett ikkje gjeld ved samanslåingar av fylkeskommunar og kommunar, seier ho.

Lova seier at «Når aksjar skiftar eigar frå ein kommune til ein annan kommune eller frå ein fylkeskommune til ein annan fylkeskommune som følgje av samanslåing eller deling etter denne lova, gjeld ikkje reglane i aksjeloven § 4–15 andre og tredje ledd og § 4–19 første ledd. (om forkjøpsrett ved eigarskifte. Vår tilføying)»

- Ikkje sikra

Det roer ikkje ned Sps vararepresentant til Stortinget, Steinar Ness. Den røynde senterpartisten peiker på at dersom forkjøpsretten ikkje vert utløyst, så vil det vere den nye regionen som overtek verdiar verdsett til tre milliardar kroner. Fleirtalet i eit nytt regionting kan då gjere det dei vil, som til dømes å selje aksjane til BKK.

– Intensjonsplanen slik den ligg i dag sikrar verken styringsrett, hovudkontor, arbeidsplassar eller verdiane i selskapet i Sogn og Fjordane etter 1. januar 2020, seier Ness.

gunnarw@klassekampen.no