Onsdag 17. januar 2018 Innenriks

• Venstre i 2015: Ein skal aldri gje seg • Venstre i 2018: Løyvet til deponiet står fast

Venstre dumpar fjorden

DEPOT-NEI: Ole Erik Thingnes har vore engasjert deponimotstandar i mange år. Her i båt innunder Engebøfjellet. 50 meter av toppen skal sprengjast vekk og overskotsmassane vert deponert i fjorden.

GRUVESJOKK: Ola Elvestuen blir ny miljøminister, men Venstre får ikkje stoppa at omstridt gruveavfall går ut i Førde­fjorden. – Ikkje til å tru, seier Natur og Ungdom.

gruvedrift

Miljøaktivisten Ole Erik Thingnes kjempar mot gruvedeponiet i Vevring ved Førdefjorden. Sjølv om han har stått saman med miljørørsla og Venstre mot det storstilte naturinngrepet, får han no ikkje hjelp av det nye, grøne regjeringspartiet.

Venstre gav nemleg opp kampen for Førdefjorden i regjeringsforhandlingane, stadfestar Ola Elvestuen, som i dag truleg blir ny klima- og miljøminister.

Gruveprosjektet i Førdefjorden:

• Nordic Mining har fått løyve til å etablere gruvedrift for utvinning av minerala rutil og granat. Rutil vert nytta som kvitt fargepigment i industriprodukt og matvarer.

• Verksemda har fått løyve til å dumpe overskotsmassar i Førde­fjorden. Deponiet vil truleg dekkje fire kvadratkilometer av fjordbotn.

• Prosjektet har møtt motstand frå miljørørsla, og fleire titals personar har vorte bøtelagde for sivil ulydnad.

Let løyvet stå fast

– Vi har vorte samde om at det ikkje skal kome nye deponi i regjeringsperioden. Men for deponiet i Førdefjorden, står løyvet fast, seier Venstre-nestleiar, Ola Elvestuen.

Han sat i forhandlingsutvalet til Venstre som forhandla fram ei regjeringsplattform. Sjølv om dei tapte slaget om Førdefjorden, har dei fått igjennom at det ikkje skal bli gitt nye løyve til sjødeponi for gruveavfall i perioden, og at regjeringa skal greie ut konsekvensane av deponiforbod.

Eit framtidig forbod er mager trøyst for Ole Erik Thingnes dersom fjorden hans vert fylt med gruveavfall.

Miljørørsla i sjokk

Retretten har laga i stand sterke reaksjonar i miljørørsla.

– Eg kan nesten ikkje tru det. Dette er i strid med alt dei har sagt. Skal Venstre ha truverd som miljøparti, må dei stanse gruvedeponiet, seier leiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord.

– Saman med gruvedeponiet i Repparfjorden i Finnmark er dette vår tids største forureiningsskandale. Eg håpar Venstre gjer alt dei kan for å få stogga dette i regjeringa, seier Silje Lundberg, leiar i Naturvernforbundet.

Bodskapen frå Elvestuen står i skarp kontrast til det partileiar Trine Skei Grande meinte i 2015: «Dette er en av de viktigste miljøsakene vi har ved siden av klimakampen. Man skal aldri, aldri, aldri gi seg i så viktige saker», sa ho til NTB for tre år sidan.

Stortingspolitikar for SV, Lars Haltbrekken, meiner Venstre har selt seg billig.

– Når Venstre seier at løyvet står fast, betyr det at det truleg også blir sjødeponi i Repparfjorden, for det er heilt parallelle saker. Det blir truleg ikkje søkt om nye sjødeponi i stortingsperioden uansett, så at dei har fått gjennom at det ikkje skal tillatast nye prosjekt, er ingen siger, hevdar han.

Sårbart miljø

Vevring i Naustdal kommune ligg der den tronge Førdefjorden vidar seg ut. Her stuper Engebøfjellet rett ned i fjorden. Fjellet er fylt med minerala rutil og granat, noko store gruveverksemder har kasta augo på.

Kontrasten mellom dagbrot, drønn frå sprengladningar og stein som vert knust til støv, kunne knapt vore større der vi i dorgefart kryssar ein stille fjord.

– Her opplevde eg at to spekkhoggarar dukka ned rett framføre båten og kom opp på andre sida. Det kjem ofte spekkhoggarar som jaktar mat, fortel deponimotstandar og SV-ar Ole Erik Thingnes.

I over 30 år har vore ulike planar for å gje Naustdal kommune opp til 300 arbeidsplassar her.

Då må dei øvste 50 metrane av Engebøfjellet sprengjast vekk, og fjord­djupet nedanfor vil fyllast med overskotts­massar.

Åtte tonn i minuttet

Det reine fjordbassenget som spekkhoggarane boltrar seg i, er hovudstridsmålet i saka om gruvedrift i Vevring.

Kvart minutt året rundt har Nordic Mining fått løyve til å dumpe åtte tonn med overskotsmassar i fjorden dersom planane for gruvedrift vert noko av.

I løpet av eitt år vert det fire millionar tonn. Nye tal frå verksemda har redusert dette med 70 prosent, for no er det også råd å nytte mineralet granat i overskottsmassane.

Thingnes har framleis tru på at prosjektet kan stoggast, sjølv om kampfelle Elvestuen har gjeve opp.

– Det er alle moglegheiter til å stogge sjødeponiet til Nordic Mining. Eg ser på regjeringserklæringa som ei styrking av kampen mot sjødeponi og forventar sjølvsagt at Venstre nyttar makta dei no har fått til å redde Førdefjorden. Nordic Mining har berre fått eit mellombels utsleppsløyve med store atterhald, og dei ulike løysingane dei vel, kan framleis få nei, seier han.

Han får støtte av Havforskingsinstituttet. Dei har fleire merknadar til miljø­utgreiingane som er gjort på oppdrag frå Nordic Mining og Naustdal kommune, seinast i 2014. Dei innvender:

Utgreiinga underestimerer artsmangfaldet i fjorden.

Deponeringa er til skade for ålen, ein sterkt truga fiskeart.

Det er oppdaga to gytefelt for torsk tett på fjorddeponiet. Torsk på vandring kan verte skremd vekk både av sprenging og deponering.

• Den sterkt truga blålangen og pigghåen gyter der deponiet er lagt.

innenriks@klassekampen.no

Glad for gruva

Den samfunnsøkonomiske nytta av prosjektet har vore redusert, samanlikna med kva som tidlegare blei lagt fram.

Nordic Mining seier at dei berre kan garantere for 30 års drift, Miljødirektoratet føresette 50 år. Talet på arbeidsplassar er redusert frå 170 til 110. Naustdal kommune får ikkje den eigedomsskatten som var forventa når den sokalla maskinskatten fell vekk. Det åleine skulle gje kommunen inntekter på mellom 10 og 20 millionar kroner.

I Naustdal har ordførar Håkon Myrvang (Ap) stor tru på gruveprosjektet i Vevring. Ein reduksjon i talet på arbeidsplassar frå 170 til 110 har ikkje endra på det.

– For dei fire kommunane i indre Sunnfjord, som i førre tiårsperiode hadde ein auke på 509 arbeidsplassar, så er 110 nye arbeidsplassar mykje. I tillegg kjem ringverknadane knytt opp til etableringa av gruva.

– Skatt på verk og bruk vert no fjerna. Det vil redusere skatteinntektene. Kva har det å seie for haldninga di til gruva?

– For meg er det eit paradoks at regjeringa fjernar ei viktig inntekt for kommunane utan å legge til rette for kompenserande tiltak for framtidige etableringar.

Ola Elvestuen