Torsdag 12. april 2018 Politikk

• EU-motstanden • Livet etter politikken • Samarbeid med Frp

Meiner Frp-kritikk er «dum»

DYREVEN: Kulturminister og Venstre-leiar Trine Skei Grande fekk inn nedlegging av pelsdyrfarmar i regjeringsplattforma. Det vitest ikkje kva katten Esmeralda (18) meiner om saka.

SVERTA: Trine Skei Grande meiner det var ein svertekampanje å seie at Venstre kunne ende i regjering med Frp. Ho ­kallar EU ein «sosialdemokratisk sump» – men tippar resten av partileiinga er for EU.

VENSTRE-LANDSMØTET

I morgon opnar Trine Skei Grande Venstre-landsmøtet på Jessheim i Akershus. Ho er den fyrste partileiaren sidan Gunnar Garbo som har teke partiet over sperregrensa ved to stortingsval på rad. Men ho blir historisk på ein annan måte også.

Ho vil for alltid vere parti­leiaren som tok Venstre inn i regjering med Frp.

– Eg meiner framleis vi har valt ein vanskeleg strategi med å vise fram tre statsrådar i ei mindretalsregjering, men vi har ein sjanse til å klare det, seier Trine Skei Grande til Klassekampen.

– Dei som sa at ei stemme til Venstre var ei stemme på Frp …

– Eg meiner at ei stemme på Venstre er ei stemme på Venstre uansett kven vi samarbeider med.

– Men du forstår kva det tyder?

– Det er like dumt som å seie at ei stemme på MDG er ei stemme på Ap i Oslo. Eg synst det er dårleg argumentasjon uansett.

– Men ei stemme på Senterpartiet er jo på ein måte ein stemme på Arbeidarpartiet så lenge du har blokker i politikken?

– Ja, men eg ville aldri ha brukt det argumentet sjølv om du held deg til ei blokktenking.

– Dei som sa at Venstre kunne ende i regjering med Frp, blei skulda for svertekampanje?

– Eg meiner det er det. Du stemmer på dei partia du stemmer på. Det er berre Ap som lever i ei verd der du «anten stemmer på Frp eller på oss». Eg godtek ikkje det verdsbiletet, seier Grande, og legg til:

Venstre-landsmøtet:

• Fredag opnar landsmøtet i Venstre på Jessheim i Akershus.

• Møtet har temaet «Teknologi – fantastiske muligheter og store utfordringer».

• Trine Skei Grande har vore partileiar sidan 2010. Ho taler til landsmøtet fredag 14.00.

• Fredag kveld skal landsmøtet på tur til Eidsvollsbygningen.

• Sveinung Rotevatn, sentralstyremedlem og statssekretær, har vore leiar for ein komité som skal leggje fram eit kortprogram om teknologi.

• Venstre har ikkje klart å samle seg om éin emneknagg for årets landsmøte. Følg derfor #venstrelm, #stemvenstre, #viervenstre og #etbedreoss om du vil vere oppdatert.

– Eg sa at eg støtta Erna Solberg som statsminister. Folk visste kva statsminister dei fekk. Men kva saker vi skal kjempe for, det står i Venstres program.

Såg ein veg etter valet

– Når skjøna du at det faktisk kunne gå an å gå i regjering?

– Det skjøna eg etter valet, då vi såg at KrF ikkje ville vere med på sonderingane, og vi sat der åleine. Eg tenkte på at vi hadde lova at Erna Solberg skulle bli statsminister, men eg trur ikkje Venstre hadde fiksa at vi ikkje skulle ha noko att for det. Då vi sat og sonderte, var det sånn i mitt hovud at vi sonderte for ein ny samarbeidsavtale, seier Trine Skei Grande.

Det tok likevel tid før ho såg at regjering var realistisk.

– Gjennom den prosessen blei det klarare, men det var berre eit døgn før landsstyremøtet at eg landa på at det skulle vere mitt råd. Eg var ekstremt i tvil.

Og så var det mykje ho måtte halde for seg sjølv.

– Eg kunne heller ikkje vere heilt open i landsstyremøtet, for eg visste mykje meir enn dei andre i landsstyret om kva vi kunne få til. Den siste veka sat Erna, Siv og eg mykje saman. Då fekk eg ei kjensle av kva vi kunne klare å få til – kor smertegrensene gjekk. Mykje av det kunne eg ikkje seie, for då ville vi ikkje klare det, seier Grande, og legg til:

– Det er den vanskelegaste avgjerda eg nokon sinne har teke.

– Har du eit døme?

– Eg fekk signal om at vi kunne klare det med pelsdyr. Det kunne eg ikkje fortelje nokon i Venstre, for det er ei så viktig sak for mange Venstre-folk at det hadde dei ikkje klart å halde kjeft om – og då hadde eg ikkje klart det.

Livet etterpå

Trine Skei Grande har vore Venstre-leiar sidan 2010.

– Tenkjer du å bruke regjeringsprosjektet til å byggje neste generasjon?

– Eg håpar at eg heile tida byggjer neste generasjon. Eg trur det er ganske mange som kan knive etter meg.

– Kor lenge skal du vere Venstre-leiar?

– Til nokon andre er betre enn meg.

– Og no er det ingen andre som er betre enn deg?

– Ikkje akkurat no, seier Grande og ler.

– Kva skal du gjere etterpå?

– Eg trur det var Kåre Willoch som sa det slik: «Politikarar er som spiker. Nokon har hovud, og dei kan du trekkje ut og bruke til noko. Andre har ikkje hovud, og dei blir der dei er.» Men eg håpar eg kan brukast til noko, og at engasjementet eg har for kultur, også kan brukast til noko. Eg drøymer om å jobbe på museum eller kulturinstitusjon eller noko slikt.

Framleis mot EU

– Om det var folkerøysting om EU i morgon – kva ville du ha røysta?

– Eg føler at eg er den einaste i Venstre som framleis er nei, men eg føler at EU er ein sosialdemokratisk sump av reglar, direktiv og overnasjonalitet på litt feil ting.

– Der har du ikkje med deg mange i partileiinga meir?

– Nei – om nokon. Vi kjem nok til å ha ein EU-debatt knytt til prinsipprogrammet som skal opp på landsmøtet neste år.

politikk@klassekampen.no