Onsdag 26. september 2018 Innenriks

Domstolane kuttar kraftig

MÅ KUTTA MEIR: Styret i Domstoladministrasjonen gav i går direktør Sven Marius Urke beskjed om å greia ut konsekvensane av sluttpakkar og ytterlegare nedbemanning.

KUTT: Effektiviserings­reforma til regjeringa truar rettstryggleiken og sjølv­stendet til domstolane. Det er den klåre åtvaringa frå øvste leiar for Domstol­administrasjonen.

STATEN

Domstolane i Norge lir kraftig etter tre år med kutt som følge av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma til regjeringa. Nøkkeltal frå Domstols­administrasjonen som Klassekampen har fått tilgang til, viser at:

36 av 63 tingrettar har mindre bemanning enn dei treng.

29 tingrettar held ikkje tidsfristane for sakshandsamingstid som Stortinget har sett for enten sivile saker og/eller straffesaker.

61,9 årsverk er blitt borte dei siste tre åra. Dette er fordeler seg på 11 dommar­årsverk, 18,5 dommarfullmektigeårsverk 28,2 sakshandsamarårsverk og 4,2 ingeniørårsverk.

Domstolane er i år pålagt å spara 48,6 millionar kroner i år, men det ligg dei ikkje an til å nå, og eit innsparingskrav på 8–10 millionar må overførast til 2019.

Domstolane i Norge:

• Norge har 63 tingrettar, 34 jordskifterettar, seks lagmannsrettar og ein Høgsterett. Domstoladministrasjonen er den administrative over­bygningen for domstolane.

• Sven Marius Urke er direktør for Domstoladministrasjonen.

• Domstoladministrasjonen har eit styre som er leia av dommar Bård Tønder.

• Styret har ni representantar med bakgrunn frå domstolane, privatpraktiserande advokatverksemder og politikken.

Stopp i tilsettingar

Domstolane har for lengst innført tilsettingsstopp. På eit styremøte i Domstoladministrasjonen i går diskuterte styret tiltak for å få fart på nedbemanninga i 2019.

Direktør Sven Marius Urke peikte på to måtar det kan skje på. Enten gjennom å tilby frivillige sluttpakkar eller ved oppseiing.

Styret skal gjera endeleg vedtak om korleis ytterlegare nedbemanning skal skje, i november.

Årsaka til den alvorlege økonomiske situasjonen er budsjettkutta som kjem av regjeringas effektiviseringsreform. Reforma medfører at alle delar av staten som blir finansiert over statsbudsjettet har fått eit flatt kutt.

Vil gi strafferabatt

Det gjev store konsekvensar mellom anna for sakshandsamingstid i domstolane. Stortingets mål er at straffesaker skal handsamast innanfor tre månader og sivile saker innanfor seks månader.

– Hadde me unngått reforma, så ville dei fleste domstolane vore innanfor tidsfristane som Stortinget har sett. No er berre halvparten innanfor, seier han.

Truleg vil lang sakshandsamingstid medføra meir bruk av strafferabatt, ifølge Urke.

Urke meiner domstolane si sjølvstende blir svekka.

– Dette kuttet er omfordeling av offentlege midlar og ikkje kutt i statens utgifter. Det regjeringa gjer, er å ta pengar frå domstolane for å finansiera hjartesakene sine. Dermed blir den dømmande makta svekka på kostnad av den utøvande makt. Over tid vil slike kutt utarma domstolane, saksbehandlingstidene i domstolane vil bli lang og tilliten til domstolane blir undergravne, seier han.

Skal effektivisera

Urke understrekar at landets domstolar skal effektiviserast. Det skal blant anna skje gjennom digitalisering og ny teknologi. Men dei blir ikkje meir effektive av å berre nedbemanna, seier han.

– Framfor eit flatt budsjettkutt som i teorien skal føre til effektivisering, burde regjeringa latt oss behalda pengane og heller stilt konkrete krav om effektivisering. Då kunne vi sjølve ha gjort omprioriteringar innanfor vår ramme. Det er vanskeleg å effektivisera utan investeringar.

– Då kunne du for eksempel slått saman domstolar?

– Ja, no har me for eksempel fem domstolar i Østfold. Det ville gitt mykje meir føremålstenleg drift å slå dei saman. Men det krevst investeringar i teknologi også. Måten det blir gjort, med flate kutt, verkar ikkje effektiviserande. Effektivisering er ofte sentralisering. Slik er det berre. No tar dei frå oss handlingskrafta og innovasjonskrafta. Det blir veldig fokus på kutt, og me må gå til Stortinget for å be om pengane, seier han.

– Kan nedbemanninga gå ut over rettstryggleiken?

Ja, absolutt. Alle domstolar burde vore innanfor saksbehandlingstidene som Stortinget har sett. Dette vil medføra at fleire domstolar kjem utanfor saksbehandlingstida. Viss det ikkje skjer, så er det fordi saksmengda går ned.

Urke meiner at domstolane ikkje har vore eit heitt tema blant dei politiske partia. Det meiner han er bra.

– Domstolane som tredje statsmakt skal vera politisk nøytral.

Urke seier domstolane år etter år har komme ut som budsjettapar i justissektoren.

– Kvifor er det slik at det nesten ikkje står noko om domstolane i partiprogramma? Er den tredje statsmakt uinteressant for politikarane? Må me skjerpa tonen for å vinna fram i ressurskampen?

anneh@klassekampen.no

Peiker på struktur

– Abe-reforma (avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma, red. anm.) er krevjande for alle våre etatar. Det betyr at ein må gå gjennom drifta si med lupe for å ta ut gevinsten for effektivisering, seier statssekretær i Justisdepartementet Sveinung Rotevatn (V), som trur reforma har medført at etatar har fått fortgang i ulike effektiviseringsprosjekt, som digitalisera i domstolane.

– Styret i Domstoladministrasjonen vedtok i går å greia ut grep for ytterlegare nedbemanning. Kva tenker du om det?

– Det tar me til etterretning, seier Rotevatn.

Han seier han forstår at Domstoladministrasjonen meiner kutt utan å sjå på struktur er krevjande.

– Me har veldig mange og svært små domstolar. 97 berre i fyrsteinstans. Me har sett ned ein Domstolskommisjon som greier ut struktur. Det vil skje endringar framover for å få ein meir effektiv struktur.

Rotevatn erkjenner at det er naudsynt å ta grep framover for å halda oppe kvaliteten i domstolane. Han peiker på at det vil komma endringar i Straffeprosesslova som vil gjera arbeidet i domstolane meir effektivt. Rotevatn er ikkje uroa for sjølvstendet til domstolane:

– Domstolane er uavhengige i dømmande verksemd, men Stortinget vedtar finansieringa.

– Er det dei som roper høgast som skal få?

– Domstolane har ikkje hatt for vane om å ropa høgt, men når dei gjer det, som Borgarting i vinter, så blei dei høyrt og fekk meir pengar.