Tirsdag 2. april 2019 Innenriks

• Har skjerma det meste av Nord-Noreg frå vindkraft • Opnar for utbygging i urørt natur

Vonbrot over vindkraftplan

KJEMPAR VIDARE: Jacob Rutledal og Wenche Irene Midthun kjempar mot planane for eit vindkraftverk på Dalsbotnfjellet i Gulen kommune.Foto: Gunnar Wiederstrøm

I PLANEN: Vindkraftmotstadarane i Gulen kjempar vidare, sjølv om Nasjonal ramme for vindkraft har med deira område som eigna for vindkraft.

Vindkraft

– Akkurat no har eg ein vond klump i magen, seier Wenche Irene Midthun.

I går kom framlegget til Nasjonal ramme for vindkraft frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Dalsbotnfjellet ligg midt inne i eit av dei 13 områda i landet som NVE meiner er veleigna for vindkraftutbygging.

I Gulen kommune ytst i Sognefjorden har Zephyr AS fått konsesjon til eit større vindkraftverk. Midthun og andre grunneigarar har klaga avgjerda inn for Olje- og energidepartementet. Framlegget til NVE gjer Midthun pessimistisk.

– Det er ikkje positivt for klagesaka, men vi har ikkje tenkt å gje opp kampen mot utbygginga, seier ho.

Vindkraftutbygging:

• Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) har laga framlegg til ramme for vindkraftutbygging.

• Planen peiker på dei 13 områda NVE meiner er mest veleigna for utbygging mellom anna ut frå omsyn til miljø, urørt natur, biologisk mangfald, kulturminnevern, reindrift og kapasitet på kraftnettet.

• Nasjonal ramme for vindkraft skal ut på høyring, der alle partar får høve til å kome med fråsegner og innspel. Olje- og energidepartementet skal skipe til regionale innspelsmøte allereie i sommar.

• Departementet utarbeider nasjonal ramme som Stortinget til sist skal vedta.

Barbert vekk

Det vart eit himla bråk då NVE i fjor la fram dei 43 analyseområda direktoratet ville vurdere for mogleg vindkraftutbygging. Nær halvparten av det samla landarealet i Noreg låg innanfor analyseområda.

Etter innspel frå kommunar, miljøorganisasjonar, miljøstyremakter, Riksantikvaren, Statnett og ulike andre statlege etatar er dette redusert til 13 område. Samla utbyggingsareal er knappe 17.000 kvadratkilometer.

90 prosent av analyseområde er skrelt vekk, og endå meir kan det verte, skal vi tru den nye direktøren i NVE, Kjetil Lund. På første dag i jobben overleverte han framlegget til klima- og miljøvernminister Ola Elvestuen (V) og olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp).

Dei utpeika områda er dei som ut frå verneomsyn og kapasitet på nettet for overføring av krafta er mest veleigna for utbygging, slik NVE ser det. Lund seier den nasjonale ramma for vindkraft likevel ikkje er eit fritt fram for vindkraftutbygging.

– Innanfor dei utpeika områda er allereie ein tredel ekskludert for utbygging. Kvar einskild søknad om utbygging skal handsamast like grundig som i dag. Dette er korkje ein utbyggingsplan eller ein tempoplan, understreka Lund.

Droppa kysten

Eit påfallande trekk ved planen er at berre to område i Nord-Noreg er vurderte som veleigna for vindkraftutbygging. Det eine er i Vest-Finnmark og dekker delar av kommunane Hammerfest, Kvalsund, Måsøy, Nordkapp og Porsanger. Det andre er på grensa mellom Nordland og Trøndelag og dekker mellom anna delar av nordlandskommunane Bindal og Nærøy.

Eit anna trekk ved framlegget er at dei reine fjellområda og områda heilt ute ved kysten er ekskludert.

Planen skal no ut på høyring. Ein av dei som ikkje såg grunn til å vente på høyringsrunden, var styremedlem i La naturen leve (LNL) Sveinulf Vågene. Organisasjonen har markert seg som ein sterk motstandar av vindkraftutbygging.

– Vi meiner at vindkraft er eit klimapolitisk øydeleggjande blindspor. Vindkrafta må produserast i havet, seier han.

LNL meiner vindkraft på land byggjer på at verdien av urørt natur er sett til null.

– Dei som skal byggje ut, betaler ikkje noko for naturen dei får og øydelegg. Naturen nyttar dei som eit verdiobjekt som dei sel til utanlandske investorar. Våre verdiar vert delte ut til eit fåtal verksemder som hentar ut heile vinsten.

Vågene meiner det er påfallande at to område i Agder på til saman over 3500 kvadratkilometer er mellom utbyggingsområda.

– Agder får ei enorm belastning. Dei har allereie fått fleire vindkraftverk. No legg NVE opp til at heile hei­landskapet i dei to fylka kan opnast for utbygging.

LNL meiner det ikkje er tilfeldig at dette har vorte eit viktig utbyggingsområde.

– Det er i Agder den nye kraftkabelen til Tyskland skal leggjast. Den nasjonale ramma for vindkraft legg til rette for å sende vindkrafta i Agder til Tyskland.

Heller havvind

Også Naturvernforbundet ønskjer seg utbygging av havvind. Generalsekretær Maren Esmark er ikkje nøgd med planen sjøv om store og konliktfylte område har vorte ekskludert i arbeidet til NVE.

– Eg er særleg uroa over Agder-naturen. Her må vi rekne med store konfliktar. Det same gjeld i Trøndelag.

Esmark undrar seg også over at store område der NVE har sagt ja til utbygging ikkje lenger er veleigna for vindkraft.

– Der NVE har gjeve konsesjonar utanfor dei 13 områda i nasjonal ramma bør dei trekke desse attende, seier ho.

Naturvernforbundet seier ikkje nei til vindkraft på land, men vil ha ho i område der det allereie finst mykje industri.

– Vi får ikkje like store vindkraftverk, men det må vere betre enn at store urørte område vert vurderte som veleiga for industriell utbygging med vegar og vindturbinar.

Indrefileten

I Gulen er det ikkje berre miljøvernarar og grunneigarar som har vore motstandarar av vindkraft. Kommunestyret har fleire ganger sagt nei. No konstaterer ordførar Hallvard Oppedal at eit av dei 13 områda famnar store delar av kommunen.

– Eg er ikkje glad for det. Vi er ein av dei få kommunane som har handsama slike saker og har vore tydelege på at vi ikkje vil ha vindkraft, seier Oppedal.

– Eg reknar med at vi vil halde fast på at vi ikkje ønskjer vindkraft til kommunen. Vi har også klaga konsesjonen som Zephyr fekk på Dalsbotnfjella inn for departementet, legg han til.

Gulen ligg ytst i Sognefjorden. På andre sida av fjorden ligg eit anna område som NVE meiner er veleigna for vindkraftutbygging. Wenche Irene Midthun skjønar ikkje kva dei har tenkt på.

– Dette er innseglinga til verdsarvområdet Nærøyfjorden. Sognefjorden er sjølve indrefileten. Kvifor skal dei ofre desse områda berre for å få fram meir elektrisk kraft.

gunnarw@klassekampen.no

Artikkelen er retta: Klassekampen oppga feil eigar av Zephyr AS, verksemda som har fått konsesjon for vindkraftverket i Dalsbotnfjellet. Hovudeigarar av Zephyr er energiverksemder eigd av Østfold og Buskerud fylkeskommunar.

Artikkelen er oppdatert: 2. april 2019 kl. 13.08

Ventar med havvind

Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg seier til Klassekampen at det er altfor tidleg å svare på korleis den nasjonale råma til sist vert sjåande ut.

– Planen gjev oss eit fagleg kunnskapsgrunnlag. Eg har ikkje lese planen, men ut frå presentasjonen og det eg veit om arbeidet så langt, er mitt inntrykk at han er både god og grundig.

Planen skal på høyring. Statsråden seier departementet legg opp til ein lang høyringsfrist.

– Tyder det at de opnar for moglege utvidingar om områda dersom kommunar ønskjer det?

– Vi skal ha ein grundig høyringsrunde. Deretter skal departementet gå gjennom desse og kome med eit framlegg til endeleg plan. Vi skal gje oss god tid.

Olje- og energiministeren sa under overleveringa av planen at det førebels ikkje var aktuelt med ei storstila utbygging av havvind.

– Dette er spanande, særleg for den industrielle utviklinga. Regjeringa vil opne for eit eller to område for havvind. Kostnadane med dette er så mykje høgre enn vindkraft til lands at det ikkje er aktuelt med storstila utbygging dei næraste åra.

Statsråden meiner det er trong for meir elektrisk kraft for elektrifisering av transportsektoren, men også for eksport.

– Sjølvsagt skal vi effektivisere kraftverka, men her er det ikkje like mykje å henta som folk trur.

Freiberg meiner vindkraft og vasskraft passar bra i hop.

– Vasskrafta kan regulerast, medan vi har høgast produksjon av vindkraft om vinteren når vi har størst trong for krafta.