Mandag 1. juli 2019 Utenriks

Kaptein på flyktningbåt i Middelhavet er tatt i husarrest:

På lovlaust hav

KRIMINELL: Her går flyktningane frå Sea Watch 3 laurdag morgon i land i Lampedusa i Italia. FOTO: ELIO DESIDERIO, ANSA/AP/NTB SCANPIX

MOTSTAND: «Sea Watch 3» redda 52 flyktningar på Middelhavet. Dei vart i 16 dagar nekta å gå i hamn i Italia. No er kapteinen fengsla for å ha trassa forbodet.

Middelhavet

Etter drygt to veker til havs med kritisk sjuke flyktningar om bord trassa den tyske 31 år gamle kapteinen Carola Rackete forbodet og segla skipet «Sea Watch 3» i hamn på den italienske øya Lampedusa.

Ho vart arrestert omgåande tidleg laurdag morgon og sit no i husarrest i Italia.

Flyktningane kom også i land, og Tyskland, Portugal, Finland, Frankrike og Luxembourg har godtatt å ta dei imot og la dei søke asyl.

– Rackete kunne ikkje ­lenger garantere for helsa til flyktningane. Det var kritisk, fleire truga med å skade seg sjølve. Europa ignorera ­Rackete som erklæra unntakstilstand, seier tals­person frå Sea Watch Chris Grodotzki på telefon.

«Sea Watch 3»:

• 12. juni redda skipet «Sea Watch 3» 52 flyktningar frå ein gummibåt på Middelhavet. Dei kom frå land nord og vest i Afrika.

• Skipet blei nekta å gå i land i Italia. No sit kapteinen i husarrest for å ha trassa forbodet.

Havrettstraktaten forpliktar alle på havet å hjelpe andre sjøfararar i nød.

Frå og med 2014 har 18.515 flyktningar mista livet i Middelhavet.

Kampen mot straumen

Grodotzki har vore aktivist i den tyske organisasjonen Sea Watch sidan oppstarten i 2015. «Sea Watch 3» er namnet på det tyske redningsskipet som seglar under nederlandsk flagg i Middelhavet. Det er eit av fleire skip Sea Watch disponerer.

12. juni i år redda skipet, med kaptein Rackete, 52 flyktningar frå ein overfylt gummibåt med utreise frå Libya. Etter to dagar vart ti av flyktningane tatt til land av italienske styresmakter, av helseårsaker.

– Det var mellom anna to gravide kvinner som vart henta i land. Men utsendinga valte vekk ein tolv år gammal einsleg gut. Han var ikkje i naud nok til å bli tatt hand om på land, seier Grodotzki.

Grodotzki fortel at av dei 52 flyktningane var dei fleste frå land vest i Afrika, i tillegg til nokre frå land i nord som Egypt og Libya. Gruppa med flyktningar var blanda og sjølv om han ikkje ville kommentere på helsetilstanden til dei enkelte, kunne han seia fleire hadde dårleg fysisk og psykisk helse.

– Me veit at 90 prosent av alle kvinner som flyktar via Libya, vert valdtatt. Det er også mange menn som vert valdtatt. Flyktningane opplever store trauma og dei vert utsett for unemneleg behandling og overgrep, seier Grodotzki.

I løpet av to medisinske evakueringar frå «Sea Watch 3», har 12 av dei 52 flyktningane komme i land. Dei siste 40 gjekk av båten laurdag.

Slaveri, tortur og valdtekt

Etter at italienske styresmakter i fjor forbaud redningsbåtar frå humanitære organisasjonar tilgang til italienske hamner, har situasjonen for redningsorganisasjonar som Sea Watch blitt komplisert. Skipet «Sea Watch 3» har vore tvungen til å venta i internasjonalt farvatn utanfor Italia i over to veker. Skipet søkte Den europeiske menneskerettsdomstol om lov til å gå i hamn i Italia. Menneskerettsdomstolen dømde Italia pliktig til å hjelpe skipet med naudsyn og assistanse, men tok frå Italia ansvaret for å la flyktningane komme i land.

– Eg synest det er absurd. Domstolen er redd for at Salvini ville ignorert vedtak om at Italia er pliktig til å ta imot flyktningane. Menneskerettsdomstolen er redd legitimiteten sin. Dei er feige, seier Grodotzki.

Matteo Salvini er Italias innanriksminister, høgrepopulist og tilhengar av streng flyktningpolitikk. Han kalla kaptein Rackete sin landgang i Italia for ei krigshandling.

Flyktningane som forlét det afrikanske kontinent via kysten av Libya, vert heldt i leirar og utsett for tortur, valdtekt og slaveri, ifølge Grodotzki.

– EU betalar Libyas kystvakt for å hente tilbake flyktningane. Dei vert sendt til leirar kor det berre er tre utvegar og kor dei vert torturert og valdtatt medan dei er der. Alternativene for å komme ut er at familien betalar løysepengar, ein vert seld som slave på klassiske slaveauksjonar eller døden.

Trass i at det finst rapportar som omtalar forholda i leirane, ignorerer EU påstandane og held fram med å finansiera Libya i å halde tilbake flyktningar, ifølge Grodotzki.

pernilleg@klassekampen.no