Tirsdag 23. juli 2019 Innenriks

Naturorganisasjonar er kritiske til miljøutgreiingar i vindkraftsøknadar:

Fleire krev at vinden snur

LILLEPUTT: Generalsekretær i DNT Dag Terje Klarp Skogvang seier at det er tid til å vurdere vindkraftkonsesjonane på ny. Olje- og energidepartementet er usamd. Her frå Smøla vindpark. FOTO: GUNNAR WIEDERSTRØM

NYTT BLIKK: Jeger- og fiskerforbundet, Turistforeningen og Naturvern­forbundet krev ny handsaming av alle vindkraftkonse- sjonar der utbygginga ikkje er starta.

vindkraft

Dei tre organisasjonane Jeger- og fiskeriforbundet, Den Norske Turistforening (DNT) og Naturvernforbundet er særs kritiske til dei miljøfaglege utgreiingane som er gjort i mange av søknadane om konsesjon i vindkraftsaka.

I eit brev til statsrådane i Olje- og energi- og Klima og miljødepartementa ber dei om nye utgreiingar. Dei gamle er ikkje gode nok.

– Vi høyrer om skrekkdøme der biologar har vore ute og kartlagt i berre to dagar i område på fleire titals kvadratkilometer, seier generalsekretær i Norges Naturvernforbund Maren Esmark.

– Det er ufatteleg at ein konsesjon til utbygging av vindkraft kan tuftast på eit så tynt grunnlag, seier ho og fortel at kartlegging krev meir tid.

Skal du kartleggje fugl, må du vere ute lenger, på ulike tider av året og over fleire år.

– Det held ikkje berre å telje det du finn på bakken. Hubroen kan til dømes hekke fleire stader, men ikkje kvart år.

I Sørmarkfjellet har Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjeve konsesjon i eit område der det no er funne hubro.

Vindkraft i Noreg:

• Det er bygd ut 36 vindkraftverk med ein samla produksjon på fem milliardar kilowattimar, som svarar til straumforbruket til 340.000 husstandar.

• 16 vindkraftverk er under bygging. Det vil doble produksjonen og utgjere seks prosent av kraftproduksjonen i Noreg.

• Det er gjeve ytterlegare 39 konsesjonar for vindkraftverk.

• For å styre den framtidige utbygginga av vindkraft er det utarbeidd ein nasjonal ramme, med 13 område som er veleigna. Planen er på høyring.

Trugar friluftslivet

DNT er uroa over omfanget av vindkraftutbygginga, fortel generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang.

– Ho trugar friluftslivet og opplevinga av natur- og kulturgrunnlaget. Dette er ein del av føremålsparagrafen til DNT og grunnlaget for at vi engasjerer oss. Han seier dei områda som er bygde ut, må vurderast betre slik at vi ikkje øydelegg grunnlaget for vidare eksistens.

– Vi har tid til å vurdere dette på ny, slår han fast.

Dei tre organisasjonane står ikkje åleine om å kritisere dei miljøfaglege utgreiingane. Miljødirektoratet kom i 2015 med kraftig kritikk av praksisen til NVE ved tildeling av vindkraftkonsesjonar. I brevet dei tre organisasjonane sende, er Miljødirektoratet sitert:

«Det er svært mangelfullt dokumentert hvordan miljøhensyn faktisk er vektlagt i NVEs prioriteringsrunder».

Vidare står det at det er «vanskelig å se noen gjennomgående konsistens i når konsekvenser for miljøverdier har betydning for konsesjonsspørsmålet eller ikke».

– Miljødirektoratet meinte at kvaliteten på meldingane var dårleg, seier Maren Esmark i Naturvernforbundet.

Ikkje berre konsesjonssøknadane manglar kunnskap. Også i Nasjonal ramme for vindkraft til lands finst det kunnskapshol.

– Det er påfallande når vi veit at insekta er truga globalt, at det ikkje er gjort utgreiingar om kva følgjer vindkraftverk har for dei, seier Esmark.

Organisasjonane som ber om omkamp, tel tett oppunder ein halv million medlemmer. Førebels har ikkje dei tre fått svar frå departementa, men Esmark er trygg på at det vert eit møte med klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) og olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp).

– Greidd ut godt nok

Det er gjeve konsesjon til 93 vindkraftverk så langt. I løpet av 2019 vil 45 av desse vere sett i produksjon. Statssekretær i Olje- og energidepartementet Liv Lønnum (Frp) seier til Klassekampen at ho ikkje har lese brevet.

På meir generelt grunnlag seier ho at det ikkje er aktuelt å gjere nye miljøfaglege utgreiingar på konsesjonar som delte ut.

– Konsesjonane er gitt, og dei er tufta på solide faglege vurderingar. Dei er sende på høyring, og alle har hatt høve til å kome med innvendingar, seier Lønnum.

– Er det aktuelt å trekke attende konsesjonar?

– Nei. Dette er noko av det som har vore politikken til regjeringa. Vi skal vere føreseielege og då kan vi ikkje trekke konsesjonar attende.

Departementet vil svare på brevet og føreslå møtetidspunkt etter sommarferien.

gunnarw@klassekampen.no

ANLEGG: For å byggje vindkraftverk høgt til fjells trengst kilometerlange tilkomstvegar og endå lengre internvegar, som på Henøy vindkraftverk i Bremanger. FOTO: GUNNAR WIEDERSTRØM