Torsdag 21. november 2019 Innenriks

• Samanslåtte kommunar får skattesmell • Får ikkje endre eigedomsskatten

Tapar millionar på reform

VONBROT: Ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap) i Stavanger får eit krevjande år i 2020. Kommunen taper 70 millionar kroner i skatteinntekter trass i at kommunen slo seg saman med to nabokommunar. Her er ho i ein radiodebatt med Høgres ordførarkandidat John Peter Hernes. FOTO: GUNNAR WIEDERSTRØM

STRAFF: Samanslåtte kommunar som har eigedomsskatt, tek med seg ein straffeskatt inn i samlivet. Stavanger taper om lag like mykje som dei fekk i tilskot på å slå seg saman.

ØKONOMI

Stavanger, Rennesøy og Finnøy vert ein kommune frå nyttår. Med seg i bryllaupsgåve frå staten fekk den nye kommunen 82 millionar kroner til å dekke store eingongskostnadar ved samanslåinga. Men kva hjelper det når den nye kommunen same året taper 70 millionar kroner i eigedomsskatt?

– Dette er eit særs alvorleg innhogg som staten gjennomfører i inntektene våre. Det utgjer 100 lærarstillingar eller 60 sjukeheimsplassar. Fleirtalet i kommunen har vedteke skattlegginga, men ved å gjere dette tek staten frå oss makt og lokalt mynde, seier ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap).

– Trur du dette er gjort for å straffe kommunen?

– Eg håper ikkje det, men då må dette vere mogleg å rette opp før handsaminga av statsbudsjettet, seier ho.

Frå 2021 kan kommunen justere opp skatten.

Reduserte takstane

Årsaka til inntektstapet er ein kombinasjon av nye reglar for samordning av eigedomsskatten i dei samanslåtte kommunane og ein reduksjon i takstane for bustad og fritidseigedom. Stortinget vedtok i 2018 å redusere eigedomstakstane med 30 prosent frå 2020.

Medan andre kommunar kan dekke inn inntektstapet mellom anna ved å auke skattesatsen, kan ikkje samanslåtte kommunar som har ulikt regelverk for eigedomsskatt gjere det same.

I framlegget til statsbudsjett vert desse pålagde å vente til dei har samordna eigedomsskatten, og det skjer for dei fleste først frå 2021.

Tap i Kristiansand

Stavanger er ikkje åleine. Også Kristiansand opplever det same. Kommunen vert slått saman med Songdalen og Søgne frå nyttår. Økonomidirektør Terje Fjellvang opplyser at Kristiansand kommune tapar 25 millionar kroner i 2020.

Ikkje alle samanslåtte kommunar har eigedomsskatt, som til dømes nabokommunen til Stavanger, Sandnes. Ordførar Tom Georg Indrevik (H) i Øygarden fortel at dei vel å nytte samanslåinga til å avvikle eigedomsskatten i Sund, som er ein av tre samanslåtte kommunar i Øygarden.

KS protesterer

Fylkesmøtet i KS Rogaland ber i ei fråsegn om at samanslåtte kommunar får same fridomen til utskriving av eigedomsskatt i 2020 som dei som ikkje er samanslåtte. Direktør for interesse­politikk i KS, Helge Eide, seier den manglande fleksibiliteten er urettvis.

– Kommunar som slår seg saman, får mindre fleksibilitet enn dei som ikkje har slått seg saman. Stavanger ser ut til å vere den kommunen som taper mest på dette. Det openberre svaret på denne urettvisa bør vere at desse kommunane hadde same høve til justeringar som dei som ikkje slår seg saman.

KS er kjent med at dette i tillegg til Stavanger og Kristiansand også kan gjelde kommunane Ålesund, Sogndal, Ullensvang, Lindesnes og Indre Østfold.

– Dette er urimeleg og kan sjå ut som ein straff for samanslåing. Det kan ikkje vere veldig vanskeleg å få justert dette, seier Eide.

Klassekampen tok i går opp saka med Kommunal- og regionaldepartement, men vart vist vidare til Finansdepartementet. Dei hadde ikkje svart avisa før ho gjekk i trykken i går ettermiddag.

gunnarw@klassekampen.no