Torsdag 5. desember 2019 Politikk

Dei raudgrøne partia på Stortinget dannar felles front i jordbrukspolitikken:

Gir raudgrønt valløfte

SAMLING: Dei raudgrøne partia, ved Nils Kristen Sandtrøen (Ap), Torgeir Knag Fylkesnes (SV) og Geir Pollestad (Sp), vil setje konkrete mål om sjølvforsyning i Noreg og om korleis ein kjem dit.

IKKJE FORSYNT: Trass i at Sp strir imot kvart forsøk på å skape raudgrøn samling, går partiet no saman med SV og Ap for å få opp sjølvforsyningsgraden.

Jordbruk

– Dette er ein ny vår for jordbrukspolitikken i Noreg, seier Nils Kristen Sandtrøen (Ap).

– Dette forslaget inneber ei kraftig satsing på norsk jordbruk på norske ressursar, seier Geir Pollestad (Sp).

– Vi vil ta meir av jorda i bruk og ta tilbake det som er grodd att for å auke mattryggleiken i Noreg, seier Torgeir Knag Fylkesnes (SV).

Det er tydelege ord om samling på raudgrøn side. Ei samling som ikkje har vore særleg tydeleg i tida eit Senterparti i medvind ikkje har villa markere seg saman med partia på venstresida.

Dei raudgrøne har no gått saman om tre punkt:

Auke sjølvforsyningsgraden til 50 prosent, korrigert for import av fôr, før slutten av 2026.

Å ha ein opptrappingsplan vidare etter ein når målet om 50 prosent.

Ein grundig risiko- og sårbarheitsanalyse som erkjenner at verdsmarknaden kan endre seg.

Sjølvforsyning:

• Sp, Ap og SV går saman om ei opptrapping av norsk jordbruk og talfestar målet om sjølvforsyning til 50 prosent korrigert for fôrimport i 2026.

• Utgangspunktet er eit representantforslag frå Senterpartiet. Forslaget har ikkje fleirtal, men syner kva som kan verte politikken til ei raudgrøn regjering.

• I dag er sjølvforsynings­graden om lag 40 prosent når ein korrigerer for fôrimport.

• Det finst ulike måtar å rekne sjølvforsyningsgraden. Høgre og Frp vil til dømes rekne med fisk og sjømat.

Talfestar mål for politikken

– Det har vore eit slags mål å få raudgrøn side samkøyrde. Alle partia har snakka om at ein er oppteken av å auka sjølvforsyninga. No har me endeleg fått fastlagt kva som er målet med det, og ein vidare opptrappingsplan, seier Fylkesnes.

Framlegga frå dei raudgrøne partia får så klart ikkje fleirtal når regjeringspartia ikkje støttar dei. Dette fortel likevel om opposisjonsparti som samlar seg om politikk dei kan gå til val på ved neste krossveg.

– Sjølv om det ikkje får fleirtal no, ber det bod om kva som kan verte raudgrøn politikk om det vert regjeringsskifte i 2021, seier Fylkesnes.

– Dette set opp ei klar skiljeline mellom opposisjonen på den eine sida og regjeringa på den andre, seier Pollestad om opposisjonsidyllen.

Nytt fleirtal gjev ny satsing

Geir Pollestad ser den raudgrøne samlinga som eit godt teikn for at dette kan verte politikken for eit raudgrønt regjeringssamarbeid.

– Når vi får eit nytt fleirtal i Noreg, får vi ei ny satsing på jordbruket. At vi har greidd å få ei så brei samling i Stortinget, er eit godt teikn, seier han.

– Dette er eitt av dei viktigaste vedtaka som er gjort for arbeidsmoglegheiter i heile landet, på raudgrøn side på mange år. Og ein viktig dag for å ta jordbruket vårt i ei berekraftig retning. Det er ein merkedag, seier Sandtrøen.

Han trekkjer fram politikken om auka kornproduksjon som viktig. Dei siste åra har produksjonen av norsk korn falle i alle norske fylke, spesielt i godt eigna fylke som Vestfold, Akershus og Hedmark.

I den same tida har grasproduksjonen auka i dei same områda, stikk i strid med den norske politikken om arbeidsdeling mellom kvar ein produserer korn og gras.

– Den utviklinga må vi snu. Unge folk skal ha moglegheita til å ha kornproduksjon som arbeid, seier Sandtrøen.

Opp til jordbruksoppgjeret

Regjeringspartia seier seg samde i dei overordna måla om auka sjølvforsyning og auka kornproduksjon, utan å vere konkrete.

I tillegg meiner Høgre og Framstegspartiet at ein bør rekne med fisk og sjømat i sjølvforsyningsgraden.

– Verkemidla er ein del av det årlege jordbruksoppgjeret, der partane møtest. Både krav og tilbod frå oppgjeret i vår viste at begge partane har som mål å styrke planteproduksjonen, seier Steinar Reiten (KrF).

Han viser til at dei siste jordbruksoppgjera har redusert tilskot til produksjon av gras i kornområda og styrka utmarksbeitetilskotet.

– Det er fint at det er opp til partane, men sjølvforsyninga må vere eit nasjonalt ønske frå Stortinget som må liggje til grunn, og som vil prege rammene i forhandlingane, seier Kjersti Hoff, leiar i Bonde- og småbrukarlaget.

Ho er oppteken av at ein treng tiltak for å kompensere tapa til bøndene om ein ønskjer mindre kraftfôrbruk.

– Jordbruksavtalen er viktig der vi finn løysingar i fellesskap, men det hindrar ikkje at Stortinget engasjerer seg endå sterkare i ei viktig tid for matproduksjonen enn vi har sett i seinare tid, seier leiar i Bondelaget Lars Petter Bartnes.

Begge bondeorganisasjonane viser til importen som trugsmål.

– Det viktigaste er å redusere importen av matvarer vi kan produsere i Noreg. Det er det klima- og berekraftsargument for, seier Bartnes.

martina@klassekampen.no

Leif Forsell (skjegg) la fram statens tilbud foran jordbruksforhandlingene fredag. Merete Furuberg i Småbrukarlaget og Lars Petter Bartnes i Bondelaget mener tilbudte legger opp til et krevende jordbruksoppgjør.