Tirsdag 7. januar 2020 Innenriks

• Hindra norsk invasjon i 2003 • No fryktar han ein ny krig i Midtausten

Fryktar ein katastrofal krig

FREDSÆL: Kjell Magne Bondevik er arbeidande styreleiar på Oslo fredssenter for menneskerettar, som han sjølv starta. No er han uroa for at det kan bli ny krig i Midtausten.FOTO: ANNIKEN C. MOHR

KRIG: I 2003 sette dåverande stats­minister Kjell Magne Bondevik regjeringa på spel for å hindre at Noreg tok del i invasjonen av Irak. No fryktar han det verste i nabo­landet.

Iran

Då USA bad Noreg om å ta del i invasjonen av Irak i 2003, sa Noreg nei. Slik vart det etter regjeringa heldt på å sprekke, men dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik fekk samla regjeringspartia om å stå utanfor.

– Noreg stod heldigvis imot invasjonen av Irak i 2003 og ettertida har vist at den krigen var eit stort feilgrep. Ein krig mot Iran vil vere eit endå større feilgrep og ha mykje større konsekvensar, seier han no.

Bondevik starta og leidde Oslosenteret for fred og menneskerettar frå 2006 til 2018, og har dei siste to åra vore arbeidande styreleiar same staden.

Sjiaaksen kan slå til

– Eg trur i det lengste at ­korkje USA eller Iran vil ha nokon stor krig. Iran har historisk nesten aldri gått til krig og Trump seier sjølv at han ikkje vil ha krig, sjølv om ein ikkje alltid skal tru han. Faren er at konflikten kan eskalere. Det er difor det er så farleg.

Bondevik fryktar konsekvensane ei eventuell ­esk­alering kan få etter USA 3. ­januar tok livet av nestkommanderande i det iranske ­regimet, general Qassem ­Suleimani, i eit droneåtak i Irak.

– Vi veit at Iran har sine ­allierte i den sjiamuslimske verda – Hamas, Hizbollah, i Syria – som kan kome til å ­aksjonere i kvar sine delar av Midtausten. USA har sine ­allierte, først og fremst Saudi-Arabia, så dette kan utvikle seg til ein storkrig.

– Spørsmålet er kor lenge Russland og Kina vil sitje ­stille i båten. Dei vil ikkje gå inn på USAs side, så det har potensial til å bli ein ­katastrofal krig, seier Bondevik.

Må hindre at Trump svarer

Åtaket på Suleimani var det siste i ein eskalerande spiral.

Den siste månaden har ein iranskknytta milits gått til åtak på ein flybase i Irak. USA slo tilbake mot iranskallierte i Irak, før irakiske protestantar under gravferda etterpå gjekk til åtak på den amerikanske ambassaden. Iran har også trekt seg frå atomavtalen no, som USA trekte seg frå i 2018.

– Vi må rekne med at det kjem eit iransk svar, og då er det viktig at USA ikkje mister fatninga og svarer på nytt, seier Bondevik.

– Det er inga tvil om at ­Soleimani stod bak mange drap og militære aksjonar, og at han planla nye. Samstundes var han ein sentral leiar, nummer to i regimet. Å drepe han har ei enorm symbolsk kraft, seier Bondevik.

Iran har varsla hemn

Rådgjevaren til ayatollah Ali Khamenei, Hossein Dehgan, gjekk i helga ut i CNN med varsel om hemn og kraftige åtvaringar om at ingen amerikanske mål kunne føle seg trygge.

No håpar Bondevik Nato, som har kalla inn til eit hastemøte, finn måtar å roe gemytta på, spesielt gjennom USA som vi er tettast på.

– Noreg og det internasjonale samfunnet må prøve å dempe konflikten og få dei til å innsjå at ingen av dei er tent med å trappe opp. Det er eskaleringa som er farleg no, seier han.

I fjor sommar bad USA om støtte til ein militærkoalisjon i Hormuzstredet, etter fleire tankskip vart åtaka eller kapra av iranske styrkar.

– Det har ikkje vorte noko av det bidraget i Hormuzstredet enno, så Noreg har vore tilbakehaldne. Men ein kan ikkje sjå den enkeltsaka isolert, men som ein del av det store biletet i regionen.

martina@klassekampen.no