Torsdag 9. januar 2020 Innenriks

Brannvesenet kan berre skjerme omgjevnadane medan elbilar brenn ut:

Kan ikke sløkkje el-brann

BRANN: Bilbrannen ved Sola luftham tysdag førte til at parkeringshuset raste delvis saman.FOTO: CARINA JOHANSEN, NTB SCANPIX

SLØKKING: 300 bilar gjekk med då eit parkeringshus i Sola brann tysdag. Brannvesenet veit ikkje korleis dei skal sløkkje el-brannane.

beredskap

Tysdag byrja ein dieselbil å brenne i eit parkeringshus på Sola lufthamn utanfor Stavanger. Brannen spreidde seg gjennom parkeringshuset, og om lag 300 bilar gjekk med i flammane og då konstruksjonen svikta under dei høge temperaturane.

– Utfordringa under sløkkinga var den store varmeutviklinga og fare for samanrasing, som gjorde at vi måtte trekkje ut mannskapet, seier brigadesjef i Rogaland brann og redning, Tormod Mehus.

Eitt av problema er at brannar i elbilar er vanskelege å sløkkje. Omfanget av elbilar i parkeringshuset er ikkje klart.

– Litiumion-batteri krev så grassat mykje vatn for å kjøle ned temperaturen, seier Mehus.

Storbrann i Sola:

• Tysdag byrja ein dieselbil å brenne i eit parkeringshus ved Sola lufthamn utanfor Stavanger. Brannen spreidde seg til 300 bilar i parkeringshuset, mellom dei ein del elbilar.

• Elferja MF «Ytterøyningen» byrja å brenne i oktober i fjor. Dagen etter var det ein eksplosjon om bord, som følgje av kortslutningar etter sløkking med saltvatn.

Må berre la han brenne ut

Dei siste tiåra har det gått føre seg ein massiv utskifting av bilparken i Noreg. På norske vegar ruller det i dag 250.000 elbilar, omtrent 10 prosent av den samla personbilparken.

Det er ikkje stor fare for at elbilar byrjar å brenne, men når dei først gjer det, er brannane vanskelege å sløkkje. Mellom anna fordi dei utviklar oksygen som held brannen i gang.

– Difor er det viktigaste ved sløkking å slå ned flammane og kjøle ned, slik at brannen i batteriet vert avgrensa til færrast mogleg battericeller og ikkje spreier seg til heile batteriet, seier seksjonssjef Dag Rune Omland i Direktoratet for samfunnsberedskap.

Det seier også Tommy Kristoffersen, seksjonssjef for beredskap i Bergen brannvesen.

– Elbilar tek sjeldnare fyr enn bilar med fossilt brennstoff, men vi har ikkje sløkkjemiddel som kan sløkkje brannen når det først tek fyr. Ein må berre skjerme omgjevnadane medan batteriet brenn ut.

Sjølv om elbilar ikkje brenner like lett som fossildrivne bilar, kan til dømes ein brann spreie seg frå bil til bil i eit parkeringshus.

– Det er spreiingsfare på bilar med fossilt brennstoff også, men der har vi sløkkjemiddel vi veit at verkar, seier han

Det er ikkje berre dei 200.000 elbilane som gjev brannvesenet hovudbry.

– Utfordringane med brann i litium-ionbatteri er størst i fartøy, der dei største batteripakkane er. Men vi ser også utfordringar med parkeringshus der bilane står tett. Om det er under bakken i tillegg, vert det stor konsentrasjon av giftig brannrøyk med farar for mannskapet vårt, seier han.

Eksplosjon på elferje

20. oktober i fjor byrja det å brenne om bord i elferja MF «Ytterøyningen» i Kvinnherad. Dagen etter var det ein eksplosjon om bord som følgje av kortslutningar frå saltvatnet i sprinklaranlegget.

Som NRK Hordaland har skrive om, viste evalueringa brannvesenet gjorde, at dei ikkje var førebudde på den type hendingar.

– Vi innsåg etter eksplosjonen i Kvinnherad at vi ikkje har nok kompetanse til å handtere denne type hendingar. Difor vil vi samle offentlege og private aktørar for å få fram kunnskapen som finst og spørsmåla vi treng svar på, seier Kristoffersen.

I 2015 kom den første elektriske ferja, MF «Ampere», som går over Sognefjorden.

Etter det har det kome fleire elferjer, og berre i 2020 kjem det 26 nye. Målet til Statens vegvesen, er at alle dei om lag 200 ferjestrekningane skal vere utsleppsfrie i 2030.

– Med nye energikjelder kjem også ny risiko og nye utfordringar for beredskapen. Saman med andre styresmakter, brann- og redningsvern, følgjer vi utviklinga tett, seier Omland.

Utdaterte batteri på taket

Kristoffersen er uroa for kva som hender med alle batteria frå elbilane etter kvart som tida går, når batteria ikkje kan brukast til bilar lenger.

– Nokon bruker batteri til å lagre straum frå solcellepanel på taket. Det er miljøvenleg, men det er viktig at desse vert haldne ved like og isolerte vekk frå sjølve bygningen, slik at brann i batteripakken ikkje skal få så store konsekvensar, seier han.

martina@klassekampen.no