Lørdag 18. januar 2020 Innenriks

SV legg plan for norske utsleppskutt:

SV vil kjøpe verft i krise

PLAN: SV vil at staten skal kjøpe norske verft som slit etter oljeprisfallet. Her er Ståle K. Johansen (klubbleiar) og Torgeir Opdal på omvisning på Kværner Verdal i februar 2013. FOTO: FRIDA HOLSTEN GULLESTAD

PLAN: SV vil nå måla i Parisavtalen gjennom prosjektet «grøn ny deal». Eit av tiltaka er å kjøpe kriseramma norske verft, for å gjere dei ­grøne og sikre at arbeidsplassane blir i Noreg.

Verft

I helga har SV årets første landsstyremøte. Der skal partiet diskutere dei to første delane av prosjektet «grøn ny deal».

Prosjektet er ifølge partinestleiar Torgeir Knag Fylkesnes ein plan for korleis ein skal nå måla for Parisavtalen. Noreg skal ifølge avtalen kutte 40 prosent av klimagassutsleppa sine innan 2030 og bli klimanøytrale i 2040.

– Vi har dårleg tid, men vi skal få det til ved å bygge ein ny, grøn industri som tar over for petroleumsnæringa, seier Fylkesnes.

SVs «Grøn ny deal»:

«Grøn ny deal» er SVs plan for korleis nå klimamåla, samstundes som dei skapar nye arbeidsplassar og mindre økonomiske skilnadar i Noreg.

På landstyremøte denne helga, 19. til 20. januar, skal SV diskutere dei første delane av planen.

Grøn ny deal skal etter planen vere klar til hausten.

Kjelde: SV

Delar opp avtalen

På helgas landsstyremøte er det to delar av «grøn ny deal» som diskuterast.

Den første delen handlar om korleis statlege verkemiddel ikkje lenger skal støtte olje- og gassindustrien, men i staden støtte fornybare næringar.

Den andre delen handlar om korleis ein skal gjere havnæringane berekraftige og utsleppsfrie.

– Vi vil styre havbasert industri i retning av nullutslepp, og at norske verft får ei sentral rolle i dette. Det kan vi gjere ved at staten kjøper norske verft som slit etter oljeprisfallet, seier Fylkesnes.

I planen for å gjere havnæringa utsleppsfri er det fleire punkt med tiltak. Eit av dei er å «etablere statlege oppkjøpsfond med mål om å berge verftsindustri og – kompetanse som i dag slit etter oljeprisfallet, og systematisk bygge ny kapasitet».

– Ved å gjere det kan vi produsere skip som har nullutslepp, samstundes som vi beheld kompetansen og arbeidsplassane i Noreg, seier Fylkesnes.

Positive på Kværner Verdal

På Kværner verft i Verdal er dei ein av verdas største produsentar av understell og store stålkonstruksjonar for oljeindustrien.

Kubbleiar ved verftet Ståle Johansen er positiv til forslaget frå SV om å etablere statlege oppkjøpsfond.

– Eg synest det er ein god idé med tanke på skipsverft. Alle utspel der ein ønskjer å ta vare på bransjen og utvikle ny kompetanse er gode utspel, seier han.

Johansen legg til at det også er positivt å sjå at SV har sunne tankar om industri­politikk.

Økonomisk mogleg

Tal frå SVs plan henta frå konsulentselskapet Menon Economics, viser at omsetnaden i grøn maritim sektor har tredobla seg frå 2014 til 2018. I same periode gjekk omsetnaden for heile den maritime næringa ned med 23 prosent.

I 2018 sto grøn maritim næring for berre 7 prosent av omsetnaden i den maritime næringa, medan olje- og gassnæringa sto for om lag 40 prosent.

Etterspurnaden etter miljøvenleg teknologi er derfor stigande, men olje- og gassektoren er framleis ein viktig kunde for norske skipsverft.

– Har staten råd til å kjøpe norske verft som slit etter oljeprisfallet for å gjere dei grøne?

– Staten har store økonomiske musklar til å kunne investere i selskap. Det handlar om kva ein synest er nødvendig, og vi meiner det er nødvendig at staten sikrar arbeidsplassar i Noreg.

Ifølge Fylkesnes vil ikkje SV peike på konkrete verft. Men han seier at det ikkje er ukjent at staten går inn i norske verft for å sikre kompetansen.

– Staten har til dømes gjennom Kongsberg Gruppen kjøpt opp Rolls-Royce si verftsbedrift på Brattvågen. Det vi ser no, er at det er italienarar og andre aktørar som kjøper seg opp i norske verft, og vi risikerer å miste kompetansen som vi har bygd oss opp i Noreg, seier Fylkesnes.

– Kva blir konsekvensen om de får gjennomslag for politikken dykkar?

– Då blir det mykje meir aktivitet på norske verft mellom anna når det gjeld skipsbygging og satsing havvindmøller. Det vil skape norske arbeidsplassar, seier Fylkesnes.

Staten inn i fleire næringar

I «grøn ny deal» skal SV i første omgang sjå på tiltak innanfor maritim sektor, men dei er ikkje framand for at staten skal gå aktivt inn i andre næringar, der privat sektor tradisjonelt har vore størst.

– Vi trur ikkje det grøne skiftet er mogleg utan at staten går aktivt til verks. Vi må ta satsinga på næringslivet i ei retning. Vi peikar på maritime næringar, men også fleire andre næringar slik som bio­økonomi, seier Fylkesnes.

Tidleg hausten 2020 skal «ny grøn deal» etter planen vere klar. Fram til då skal SV diskutere seg gjennom fleire delar av planen. Til dømes skal dei sjå på planar om elektrifisering av Noreg og moglegheitene for satsing på nye næringar.

odal@klassekampen.no

KLAR: SV skal bygge ny, grøn industri, seier partiets nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes.