Torsdag 30. april 2020 Innenriks

• Fellesforbundet ivrar for skatteutsetjing • Møter krav frå Arbeidarpartiet

Fleire prosjekt står i kø

TID ER PENGAR: Leiar i Fellesforbundet, Jørn Eggum, meiner det hastar med tiltak for å hjelpe olje- og leverandørindustrien gjennom krisa og kjem med konkrete svar på krava Ap stilte for å støtte oljeframlegg frå industrien.FOTO: SIV DOLMEN

SKATT: Arbeidarpartiet stilte tre krav for å gå med på kriseforslaget om ny oljeskatt for å redde næringa. Fellesforbundet svarer med åtte prosjekt som oppfyller krava.

Oljekrise

Oljenæringa samla seg om eit mellombels skatteframlegg dei lanserte for ein månad sidan, for å kome seg ut av krisa dei er på veg inn i.

Dei vil skrive av investeringskostnadane første året, og ikkje fordele avskrivinga over seks år, som no.

Det skal i teorien gje selskapa mindre skatt første året og meir skatt dei neste fem, føresett at dei tener pengar å skatte av.

Senterpartiet og Framstegs­partiet har markert seg som tilhengjarar av kravet, medan Arbeidarpartiet førre veke stilte tre krav for å kunne støtte det:

Det må skape jobbar, dei må sikre staten inntekter og dei må vere med på å kutte utslepp, sa nestleiar Hadia Tajik på «Politisk Kvarter» på NRK sist torsdag.

Utsett skatt:

• Arbeidsgjevarar og arbeids­takarar i oljenæringa har gått saman om eit skatteframlegg for å hindre oljekrise.

• No får selskapa frådrag for investeringane over seks år. Dei vil ha ei mellombels ordning som gjev dei heile frådraget året dei gjer investeringane.

• Det skal i teorien gjere at staten får dei same skattepengane, men seinare. Det er strid om prosjekta er lønsame.

• Arbeidarpartiet har stilt tre krav for å kunne gå med på krisetiltaket, som Fellesforbundet prøver å svare på med å vise til åtte konkrete prosjekt.

Svarer på krava

No svarar Fellesforbundet med åtte kjende prosjekt som dei meiner oppfyller krava (sjå sidesak).

– Vi går gjennom alle prosjekta og peikar på den unike moglegheita å knytte det til havvindssatsinga Arbeidarpartiet har uttalt, seier leiar i forbundet, Jørn Eggum.

Dei har rekna seg fram til at investeringane vil gjere at 70 prosent av produksjonen vil bli produsert heilt eller delvis på fornybar energi, opp frå 30 prosent i dag.

Til dømes vil Hywind Tampen-prosjektet til Equinor bli den største flytande havvindparken i verda og gje straum til fem plattformer.

– Bruk av olje til forbrenning, oppvarming og transport, det må vi redusere og til helst kutte heilt. Men karbonet er viktig og vi skal bruke han i klede, datamaskiner og legemiddel. Då er det eit poeng at olja og gassen vert produsert med låge utslepp, seier Eggum.

Vil sikre norske oppdrag

Eggum viser til tala selskapa sjølv har uttalt om årsverk utløyst av prosjekta, som Equinor oppgjev til totalt 40.000 årsverk fram til 2022.

Aker BP snakkar om totalt 50.000 årsverk på Noaka-feltet, der også Equinor er operatør.

Fellesforbundet vil også stille krav om at oppdrag går til norsk leverandørindustri.

– Det er ei forventing og ein føresetnad at dette skal redde arbeidsplassar i Noreg. Prosjekta må i særleg grad sikre at oppdraga ikkje går ut av landet. Poenget er jo å redde leverandørindustrien, ikkje oljeselskapa, seier Jørn Eggum.

Finansdepartementet svarte førre veke på eit spørsmål frå Framstegspartiet at dei fryktar skatteendringane vil gjere at fleire selskap gjer ulønsame investeringar.

«Det er dermed usikkert hvilken effekt forslagene ville ha på fremskynding av investeringer eller om effekten først og fremst ville vært en skattelettelse og likviditetsforbedring for petroleumsselskapene,» skreiv dei.

– Utrekningane til Finansdepartementet verkar i overkant akademiske i ein akutt situasjon som vi har no. Det er ikkje for moro skuld at Equinor og Aker BP varslar full stans, seier Eggum.

– I ei investering på 20 milliardar kroner, som ikkje er uvanleg, må selskapet inn med 2 milliardar. Dei har analysert opp og ned og i mente, og dei går ikkje inn med slike summar om dei ikkje trur det er lønsamt, seier han.

Eggum meiner tiltaka er viktige for å sikre kompetansen, men også at det er lønsamt for staten at dei er i arbeid.

– Skatt på løn til dei tilsette kjem i tillegg. Det er ingen grunn til å tru at dei går inn i alternativt arbeid med ein gong, seier han.

Hadia Tajik meiner det er positivt at Fellesforbundet stiller seg bak krava frå Ap, utan å love noko her og no:

«Tallene fra Rystad Energy, som det blant annet vises til, er godt kjente, men innebærer ingen forpliktelser. For Arbeiderpartiet er det viktig å komme lenger enn til viljeserklæringer, slik at vi virkelig kan sikre jobbene til de som jobber i petroleumssektoren», skriv ho i ein e-post til Klassekampen.

Tajik saknar initiativ frå regjeringa for å få fortgang i saka, men vil ikkje kome med programerklæringar sjølv no.

«Derfor er det viktig at Høyre og regjeringen nå kommer på banen. Det begynner å haste. For å komme videre nå må myndighetene legge frem med Finansdepartementets vurderinger av effektene av forslaget, slik at vi raskt kan sikre arbeidsplassene i norsk olje-, gass- og leverandørindustri,» skriv ho.

martina@klassekampen.no

Planen til Felles-forbundet

Fellesforbundet listar opp åtte prosjekt dei meiner oljeselskapa kan realisere om dei får skattehjelp i krisa.

Oljefelt på Utsirahøgda.

Havvindparken Hywind Tampen, verdas største vindpark med flytande havvind.

Troll BC og Oseberg, som har fått grønt lys for elektrifisering.

Haltenbanken, der Equinor vurderer fire plattformer og Okea vurderer elektrifisering av Draugen.

Martin Linge-plattforma, som er vedteke elektrifisert

Krafla og Noaka, der både Equinor og Aker BP er operatørar.

Landanlegg for føring av meir kraft til Hammerfest.

Northern Lights som skal transportere og lagre karbon.

Det er selskapa sjølve som må stå for avgjerda om å gjere investeringane, men Fellesforbundet har lista opp ein hypotetisk portefølje som vil svare på krava Arbeidarpartiet har stilt for å kunne vere med på framlegget om mellombelse skatteendringar.